nyhende
Overføring av politiske møte på nett
Snart vil det bli mogleg å følgja møta både i formannskapet og kommunestyret i Sveio på internett.
Kommunestyret vedtok dette måndag kveld, og løyvde samstundes dei pengane som skal til for å kjøpa inn nødvendig utstyr.
Rådmannen og formannskapet hadde tilrådd å berre overføra kommunestyremøta på nett, men etter forslag frå John Kristian Økland (H) avgjorde 19 av 25 kommunestyrerepresentantar at også formannskapsmøta skal overførast. Det krev ein liten auke i investeringane som må til.
Vedtaket inneber låneopptak på 156.000 kroner og meirverdiavgift på 39.000 kroner. Driftskostnadene skal innarbeidast i 2021-budsjettet.