nyhende
Over hundre tiltak for eit meir berekraftig jordbruk
Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) lanserte onsdag ein ny berekraftsplan som eit oppspark til jordbruksforhandlingane. – Tiltaka skal komme heile samfunnet til gode og alle må bidra med sitt, meiner bondeorganisasjonen.
– Matproduksjon kan vere eit helvete, men kan òg vere himmelen, innleidde leiar Tor Jacob Solberg i Småbrukarlaget under lanseringa av planen.
For utfordringane står i kø for bøndene. Miljøkrav, trong økonomi, ekstremvêr og nedleggingar av bruk er berre litt av det bøndene må hanskast med i 2025. Og korleis blir det i åra framover?
– Vi må ha eit mål om å komme nærare og nærare ein matproduksjon for æva. Eit jordbruk der vi haustar utan å øydeleggje, sa Solberg.
Jordbruk overalt
Planen som har fått namnet «Bærekraft mellom bakker og berg» tek sikte på nettopp det tittelen insinuerer: Å få til berekraftig jordbruk over heile landet. Småbrukarlaget meiner den nye planen er eit skritt for å samle gjennomførbare, politiske tiltak som vil bidra til å ta jordbruket og samfunnet i ei berekraftig retning. Dei ønskjer at vi skal ete meir norske råvarer og auke norsk sjølvforsyning – samstundes som dei vil at vi skal snakke meir om produksjonsmetode.
– Planen er delt inn i kvar vi er i dag, kvar vi vil vere og korleis vi skal komme oss dit. Vi har ikkje funne opp krutet på nytt. Dette er politikk NBS har stått for lenge, men det er fint å samle han i eit dokument, sa forfattaren bak berekraftsplanen og fagansvarleg i Småbrukarlaget Lise Saga under lanseringa.
Ho peika på at eit sentralisert og industrialisert jordbruk gjer oss meir sårbare for klimaendringane og at vi difor får svekt sjølvforsyning.
– Vi må redusere importen, sa ho.
Kroner til klimakrav
Under lanseringa blei det òg peika på det paradoksale i at bøndene stadig har låg inntekt og samstundes blir møtte med klimakrav som krev store investeringar.
– Vi ønskjer at tiltaksansvaret må liggje på systemnivå og ikkje på den enkelte jordbrukar. Bøndene må ha tid, moglegheit og kapasitet til å gjere dei rette tiltaka. Vi må sørge for at bøndene blir i stand til å ha den kapasiteten som trengst, sa Saga.
I slutten av april skal Småbrukarlaget saman med Norges Bondelag levere krava sine til staten i samband med jordbruksforhandlingane.
– Planen er ei oppsummering på 104 tiltak som vi meiner kan ta jordbruket i ei meir berekraftig retning. Vi lanserer denne planen som eit oppspark til jordbruksforhandlingane, sa Lise Saga.