nyhende

– Uansett kvar du kjem frå i landet, kan du førehandsstemma i Sveio fram til 9. september, seier politisk sekretær Bjarte Stølås.
– Uansett kvar du kjem frå i landet, kan du førehandsstemma i Sveio fram til 9. september, seier politisk sekretær Bjarte Stølås.

Over halvparten førehandsstemte

Torsdag 10. august starta førehandsstemminga både for kommunestyre- og fylkestingsvalet og kyrkjevalet. Faktisk stemte 63 prosent av sveibuane før valdagen sist val.

Publisert Sist oppdatert

Viktig å veta om personstemmer, legitimasjon og valkort

Slik gir du personstemmer:

Ved kommunestyrevalet
1. Kryss av i ruta ved sida av namnet på kandidaten du vil gi ei personstemme. Du kan gi personstemmer til så mange kandidatar du vil.

2. Skriv namna på kandidatar frå andre parti i eit eige felt på stemmesetelen. Det står på stemmesetelen kor mange kandidatnamn du kan føra opp.

Ver merksam på at dersom du gir personstemme til ein kandidat frå eit anna parti, blir det overført ei såkalla listestemme til dette partiet. Dette kan påverka fordelinga av mandat i kommunestyret.

Ved fylkestingvalet
Kryss av i ruta ved sida av namnet på kandidaten du vil gi personstemme. Du kan gi personstemme til så mange kandidatar du vil.

Legitimasjon
Du må visa legitimasjon når du skal stemma. Legitimasjonen må innehalda namn, fødselsdato og bilete, og kan til dømes vera pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilde.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som til dømes sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett til å stadfesta identiteten din. Den tilsette må då legitimera seg.

Valkort
Valkortet er ei stadfesting på at du har stemmerett. Der står det også kor og når du kan stemma på valdagen. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon, og du treng ikkje valkortet for å stemma. Men det går raskare om du har det med.

På kvardagar frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsstemma på kommunehuset i Sveio. Laurdag 2. september er også servicekontoret ope for stemming i fire timar.

Veka før valet er det langope til klokka 19.00 til og med torsdag, og til klokka 20.00 fredagen.

Og sveibuen veit å nytta seg av mogelegheta til å stemma før valdagen.

Fram til lunsj første dag med førehandsstemming, hadde det vore tre personar innom og gjort si borgarplikt og stemt til kommunevalet og fylkestingsvalet. Det vil ganske sikkert ta seg opp i vekene fram mot 11. september, som er valdagen.

Alle kan førehandsstemma

– Både ved stortingsvalet i 2021 og folkeavstemminga om fylkestilhøyrsle i 2022, var det faktisk 63 prosent som førehandsrøysta, fortel Bjarte Stølås, politisk sekretær i Sveio kommune.

Ifølge manntalet er det 4.379 personar busett i Sveio som har stemmerett ved årets val. Kommunen oppmodar personar som nyleg er flytta til Sveio om å sjekka at dei står i manntalet. Men du må ikkje vera busett i Sveio for å førehandsstemma.

– Uansett kvar du kjem frå i landet, kan du førehandsstemma i Sveio fram til 9. september. Me tar imot og vidaresender til din valkrins. Det er ein ting det er greitt å vita om i forhold til dette: du kan berre velja partilister og kan dermed ikkje kryssa eller legga til personar frå andre lister, seier Stølås.

– Kva med studentar som bur utanfor Sveio?

– Dersom du er folkeregistrert i ein annan kommunen enn der du bur til dagleg, som studentar ofte er, kan du førehandsrøysta i bukommunen din. Men ønsker du å røysta på valdagen må du gjera det i kommunen kor du er folkeregistrert, seier Stølås.

Digital kykjeval

Også i kyrkjevalet kan du førehandsstemma. På soknehuset i Sveio er det ope for stemming til begge sokna tysdag, onsdag og torsdag frå 10. august til og med 7. september. I tillegg kan du stemma 31. august og etter gudstenesta 3. september.

I år er det for første gong mogeleg å stemma digitalt på kyrkjevalet.no. Alle medlemmer som fyller 15 eller meir i år kan delta i valet på eigen mobiltelefon eller PC, når som helst og kvar som helst frå 10. august til 6. september.

– Dette håper me vil auka valdeltakinga, ikke minst blant dei yngre veljarane, sier Kykjerådet sin direktør Ingrid Vad Nilsen.

Digital førehandsstemming krev at veljaren kan identifisera seg digitalt, med for eksempel BankID, og kan logga seg på gjennom enten mobiltelefonen, PC eller nettbrett.

Powered by Labrador CMS