nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.
Kommunalsjef Ingunn Toft må igjen ut på legejakt.

Over halvparten er registrerte for vaksine – resten vil snart få brev

I Sveio har nesten 3000 personar over 16 år registrert seg i vaksinekøen, det er kommuneleiinga nøgde med, men ein del unge er avventande. Når vaksineringa aukar i omfang, kan det fort bli deira tur også.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag er vaksineringsdag i Sveio, og Soknehuset er arena for sprøytestikk og munnbind. Sjølv om ei tredje smittebølgje er over oss, hindrar ikkje dette vaksinasjonsarbeidet.

– Vaksinering med Pfizer-vaksinen går som vanleg. Dette er ei viktig å særs prioritert oppgåve, så den vil halda fram kvar veke, forsikrar kommunalsjef Ingunn Toft.

626 i yngste gruppe

For nokre veker sidan blei det mogleg å registrera seg i vaksinekøen. Til no er 1897 sveibuar mellom 16 og 74 år registrerte i køen. Dei som er eldre blir kontakta eller oppsøkt på anna vis. I den yngste aldersgruppa mellom 16 og 44 år har berre 626 registrert seg til no.

Me opplever at fleire yngre personar ikkje har registrert seg, då dei tenker at det er lenge til deira tur.Ingunn Toft

– Me er nøgde med at så mange har registrert seg, då me har lagt inn dryge 1000 personar over 75 år sjølv, slik at me då totalt har registrert nesten 3000 personar over 16 år, seier Toft.

2000 er ikkje i kø

I Sveio er det rundt 1500 innbyggjarar som er under 16 år, slik at det er rundt 2000 som ikkje har stilt seg i kø. Om kort tid går det ut brev til alle innbyggjarar om å registrera seg, slik at dei som ikkje har fått det med seg til no, får informasjon.

– Me opplever at fleire yngre personar ikkje har registrert seg, då dei tenker at det er lenge til deira tur, men det er likevel viktig å ha dei på listene våre når vaksinering aukar i omfang, og det raskt kan bli deira tur, seier Toft.

72 dosar

Denne veka vart det gitt 72 vaksiner av merket Comirnaty (BioNTech og Pfizer), som 1. dose, som personar i prioriteringsgruppe 3 får, omtrent same mengd vil bli gitt neste veke.

Før vaksinasjonsdagen torsdag 18. mars, hadde 293 innbyggjarar fått 1. dose, og 253 innbyggjarar 2. dose. På klarsignal, vil bruken av den mykje omtalte AstraZeneca-varianten starta igjen.

Sveio kommune har ei temaside om koronaviruset, der ein mellom anna får informasjon om vaksinering og korleis ein stiller seg i kø.

Powered by Labrador CMS