nyhende

Over ein million til åtte prosjekt i Sveio

SIM sitt miljøfond deler ut vel 4,3 millionar til 38 søkarar. Åtte av desse er frå Sveio, og høgaste sum er 250.000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) deler årleg ut støtte til gode prosjekt. Då søknadsfristen for 2022 gjekk ut i desember i fjor, hadde det kome inn 54 søknadar. Totalt blei det søkt om over 18 millionar kroner til ulike tiltak.

Då vurderinga av søknadane var gjort, sto det igjen 38 søkarar som til saman fekk 4.334.861 kroner til sine prosjekt. Søknadsfrist for å få midlar for 2023 er 1. desember.

Rophus Velforening og Skattkammeret er blant dei som har fått dei største summane i Sveio.

Badebrygger i Olavika

Rophus Velforening fekk 250.000 kroner til prosjektet Rophus Bad, som skal realiserast i Olavika. Den opprinnelege planen omfatta mellom anna badebrygger, meir sand på stranda, gapahuk, sandvolleyballbane og breiare veg.

— Kommunen er positiv i utgangspunktet, men me har støtt på ein del utfordringar kring delar av prosjektet. Kommunen meiner mellom anna at tiltaka er så omfattande og inngripande for naturen, dyrelivet i sjøen, miljøet og klima at det blir stilt krav om reguleringsplan. Difor har me skalert ned til det omsøkte prosjektet som gjeld berre badebryggene. Dei blir noko liknade som det er i Asalvika i Haugesund. Arbeidet som skal gjerast blir i hovudsak gjort på dugnad, og me reknar med at dei 250.000 kronene er nok til å dekka utgiftene, seier Øyvind Gjerde, kasserar i Rophus Velforening.

Velforeninga takkar SIM for bidraget til tiltaket, og ser fram til å begynna arbeidet.

— Når er badebryggene klare til å takast i bruk?

— Planen er i løpet av året, og det håper me å få til. Me gler oss til å kunna tilby ein fantastisk badeplass for innbyggarane rundt Viksefjorden, seier Gjerde.

Diverse på ønskelista

Skattkammeret i Sveio gler seg til å kunna handla inn endå meir utstyr til å låna ut.

— Me har litt av kvart på ønskelista. Som til dømes randonee ski, truger, skredutsyr, fiskestenger, gapahuk, gopro, fleire sparkesyklar og skateboard, som me no kan kjøpa. Me har mykje utstyr i ulike storleikar, og no vil me kjøpa inn enno meir og i alle storleikar, seier Elisabeth Nilsen Staupe.

Ho er koordinator ved Skattkammeret i Sveio, som fekk 200.000 kroner til fritidsutstyr frå SIM.

Me er opptekne av gjenbruk, og hos oss kan både barn og vaksne låna fritidsutstyr heilt gratis. Me held til i sambrukshuset i Sveio sentrum og har ope tre dagar i veka. Tysdagen er det også kveldsope, seier Nilsen Staupe.

Gode møteplassar

Også Sveio kommune har fått støtte frå Miljøfondet. Dei 100.000 kronene kommunen er tildelt skal brukast til prosjektet «Møte mellom generasjonar i Sveio». Det skal legga til rette for gode møteplassar for innbyggarar i alle aldrar.

Pengane er tenkt å gå til ei opprustning av uteområdet utanfor hovudinngangen til Sveio omsorgssenter (SOS). Det skal vera eit uteområdet med sittegrupper, som gjer det muleg for besøkande å vera ute med dei som bur på SOS, og for barnehagar og liknade å koma på besøk, seier ordførar Linn Therese Erve, og legg til:

— Eg synes det er veldig bra at så mange søkarar i ulike delar av Sveio har fått tilskot frå SIM sitt miljøfond i år. Det er med å skapa gode tilbod og gode lokalmiljø for våre innbyggarar.

Desse har fått støtte i Sveio

  • Valestrand Bygdalag, natursti Eivindsmarka, 190.250 kroner
  • Sveio kommune, møte mellom generasjonar, 100.000 kroner
  • Skattkammeret Sveio, Fritidsutstyr, 200.000 kroner
  • Auklandshamn Bygdalag, Langevatnet nærmiljøanlegg, 100.000 kroner
  • Bua ungdomslag, padelbane Buavåg, 100.000 kroner
  • Førde Bygdalag, lekeplass på Strando, 62.000 kroner
  • Førde ungdomslag, ungdomsklubb, 15.000 kroner
  • Rophus Velforening, Rophus Bad, 250.000 kroner
Powered by Labrador CMS