nyhende

I november stilte ei rekkje julekonsertturnerande artistar opp i Kulturkirken Jakop for å skape blest om årets utbud. No har mange av dei avlyst innspurten, skriv VG. Foto: Ali Zare / NTB / NPK
I november stilte ei rekkje julekonsertturnerande artistar opp i Kulturkirken Jakop for å skape blest om årets utbud. No har mange av dei avlyst innspurten, skriv VG.

Over 20 juleturnear avlyser juleinnspurten

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Denne veka vart over tjue juleturnear kansellerte. Dermed stilnar mesteparten av den siste veka med levande julemusikk.

Årsaka er dei nye og strenge smittevern-restriksjonane, melde VG onsdag.

Knut Anders Sørum, som skulle turnert i kjølvatnet av den ferske juleplata si, beskriv på Facebook korleis dei hadde jobba på spreng for å kunne gjennomføre alle dei resterande konsertane utan å gå altfor mykje i minus.

– Men dei nye restriksjonane sette ein effektiv stoppar for den planen. No går alt i dundrande minus same korleis vi vrir og vrengjer på det, og vi har dessverre inga moglegheit til å gjennomføre nokre av dei resterande konsertane, seier Sørum.

– I går skubba vi kassene ut i bilen for juleferie på ubestemt tid. Vi må med tungt hjarte avlyse resten av julekonsertane fór i år, skriv ein trist Trygve Skaug i sosiale medium.

– I dag var det tungt altså, lyder det frå Adam Douglas, som skulle delt den amerikanske julefeiringa si med publikum, men no er «heartbroken».

Odd Nordstoga, som hadde med seg Det Norske Kammerorkester, påpeikar at dei «trass alt fekk spelt mange konsertar» før det vart stopp for dei sju siste.

– Men det er verkeleg nitrist at me ikkje fekk spelt for alle dei som hadde sett av kvelden for å koma! Lite å gjera med er det i alle fall. Eit anna år, utan pandemi kjem me att, lovar Nordstoga.

– Utruleg tungt, seier Ole Edvard Antonsen, som avlyser resten av «Desemberstemninger» der han hadde med Knut Marius Djupvik og Stine Hole-Ulla.

Også «Julenatt» med Jørn Hoel, Wenche Myhre og Emil Solli-Tangen seier stopp, til liks med «Vår jul» med Torstein Sødal, Maria Arredondo, Gaute Ormåsen og Christian Ingebrigtsen og dessutan «Stille natt, heilage natt» med Aleksander Rybak, Ingrid Berg Mehus, Maria Haukaas Mittet, Hans Marius Hoff Mittet og Rune Larsen.

Avlyser gjer òg, ifølgje VGs oversikt, Trine Rein, Helene Bøksle, Silya Nymoen, Kurt Nilsen, Secret Garden, Frode Alnæs, Hekla Stålstrenga, Chris Medina, Sigrid Moldestad, Ingrid Olava, Hanne Krogh, Eva Weel Skram, Atle Pettersen og Kim Rysstad.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS