nyhende
Over 1100 har alt stemt
Valansvarleg i Sveio kommune er nøgd med at såpass mange har røysta til stortingsvalet så langt. Enda er det mogleg å stemma i fire dagar til.
Det er seks dagar igjen til valdagen 13. september, og fire heile dagar igjen av perioden ein kan førehandsrøysta.
Siste dag for å vera tidleg ute, er fredag 10. september. Det er stemmeavlukke på servicekontoret på kommunehuset, og på Soknehuset om ettermiddagen/kvelden denne veka.
– Me er særs godt nøgde så langt, og håpar at så mange som mogleg nyttar seg av moglegheita til å førehandsrøysta denne veka, seier Bjarte Stølås Storli, valansvarleg i Sveio kommune.
Han sit også på siste oppdateringar over kor mange som alt har lagt stemmesetel i urna, ei veke før valet.
– Pr. kl. 14.21 i dag har 1122 sveibuar førehandsrøysta. Ved førre stortingsval var det 1175 som førehandsrøysta til saman, så med ei veke igjen med førehandsrøysting er eg sikker på at me slår den summen med god margin, seier Storli.