nyhende

Over 100 på seniormesse

Arrangørane hadde eit håp om at ein del sveibuar i alderen 65+ ville koma på seniormessa. Det enda på 101 deltakarar.

Publisert Sist oppdatert

Foredrag om branntryggleik og framtidsfullmarkt, lunsj og 13 ulike lag, organisasjonar og kommunen som utstillarar, traff sitt publikum godt. Langt betre enn arrangørane Helsestasjonen for seniorar og Sveio Frivilligsentral hadde håpa på.

– Me som lurte på om Sveio soknehus kanskje kom til å bli for stort. Då påmeldinga gjekk ut, var det heile 88 på lista. I tillegg kom det ein del som ikkje hadde fått med seg at det var påmelding. Men me snudde oss rundt og fekk plass til alle, seier Solveig Gravelsæter, som er leiar for Helsestasjonen for seniorar.

Då Vestavind var ein snartur innom tysdag, hadde alle benka seg til lunsj. Travle damer frå bondekvinnelaget hjelpte til med å sørga for mat og drikke på alle bord.

– Blir det seniormesse neste år også?

– Me ville prøva dette i år for å samla erfaring. Når messa er over skal me evaluera, men med denne responsen trur eg dette kan bli eit årleg arrangement, seier Gravelsæter.

Powered by Labrador CMS