nyhende

Osmund Kinn

fødd 18. mars 1929 på Haukås i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Saka var på trykk for første gong i Vestavind 22. november 2018.


Då Osmund Kinn var to og eit halvt år gamal var han maks uheldig og fekk ansiktet sitt skore opp i ei glasrute. Hendinga førte til at han i heile oppveksten og fram til godt vaksen alder var livredd doktorar.

Som smårollingar flest likte også Osmund å undersøka alt som kom i hans veg, og ein dag medan foreldra kvilte såg han sitt snitt til å gå på oppdagarferd åleine. Han rusla rundt på tunet og tok like godt ein sving innom kjellaren der det var ryddesjau på gong. Ein trestamp med litt vatn oppi fanga Osmund si interesse, og då han oppdaga noko som låg og flaut nedi stampen, blei han enda meir ivrig. Glasruta som låg som eit dekke over stampen var livsfarleg for born, men det hadde han ingen forutsetnad for å forstå. Osmund fekk vindaugsglaset rett i ansiktet då han ramla over stampen. Foreldra høyrde skrikinga hans og kom styrtande til.

– Far min var rutebilsjåfør og hadde heldigvis bussen heime då dette skjedde, han køyrde meg i hui og hast til lege. Det må ha sett alvorleg ut, for eg har blitt fortalt at då doktoren fekk sjå meg reagerte han lynraskt med å avbryta ein svangerskapskontroll, fortel Osmund Kinn.

På legekontoret i Førde blei haka og venstre kinnet hans tråkla saman, akkompagnert av hjarteskjerande barnegråt.

– Det var ikkje snakk om bedøving. Far pinnhaldt meg medan doktoren sydde. Denne hendinga gjorde at eg fekk skrekk for legar, og det slepte ikkje taket før eg var godt vaksen. Heldigvis var det ingen som hefta seg med arret mitt, heller ikkje i ungdomsåra, eg opplevde at jentene såg heller på korleis eg var, seier Osmund.

Han kom til verda som nummer tre i ein søskenflokk på seks. Foreldra hans var Karoline Rossehaug og Toralv Kinn. Osmund blei fødd på Haukås, etterkvart bygde familien hus på garden Furuly på Rød. Osmund blei tidleg interessert i bilar og motorar. Kvar kveld når faren parkerte rutebussen, var det hans jobb å gjera pluggane reine.Etter å ha køyrd buss mellom Haugesund og Tittelsnes i 11 år, overtok Osmund i 1962 Haukås bilverkstad. Etter den tid har området blitt utvikla gjennom fleire byggetrinn til det som i dag er eit topp moderne anlegg med kombinert bilverkstad/kontorbygg, og bensinstasjon.

I 1960 gifta han seg med Liv. Saman har dei tre barn som alle er involverte i familiebedrifta på Haukås. Dei har også ni barnebarn og tre oldebarn som dei er svært stolte av.

Powered by Labrador CMS