nyhende

André Mundal Haukås (H) vil til Stortinget, men berre som vara.
André Mundal Haukås (H) vil til Stortinget, men berre som vara.

Ordføraren vil til Stortinget – som vara!

Høgre si liste av mogelege kandidatar til neste Stortingsval er offentleg, og på den står Sveio-ordførar André Mundal Haukås (H). Men han skal ikkje venda ryggen til heimen.

Publisert Sist oppdatert

Han har kasta hatten sin inn i ringen, og ordførar André Mundal Haukås (H) står no som ein av dei som kan veljast til stortingskandidat for Høgre i 2025. Om han faktisk vert nominert står att å sjå, noko både ordføraren og Sveio må venta til 9. november med å få endeleg svar på.

Klokka 14.00 på torsdag 30. mai låg Høgre ut lista med medlemmar som ynskjer å stilla til val for partiet. Der finn ein Sveio sin ordførar og sin presentasjon av seg sjølv. Haukås trekk fram samferdsel, næringspolitikk og helse som sine interesseområder.

– Som relativt fersk i politikken har eg ei audmjuk og folkeleg tilnærming til både korleis ein finn gode løysingar, og er nysgjerrig i møte med menneske, skriv Haukås i presentasjonen.

Ordføraren peiker på ynske om vekst og utvikling av Vestland fylke som sin motivasjon for å stilla seg som kandidat til nominasjonslista.

Kvifor stiller du deg disponibel til Stortinget medan du er ordførar?

– Eg har verdas beste jobb som ordførar i Sveio og vil halda fram med det. Eg håpar å kunna få plass som vara, og at eg kanskje kunne fått møtt nokre dagar på Stortinget og vore med å påverka politikken som påverkar oss alle, svarar han.

Powered by Labrador CMS