nyhende

I dette rommet i senteret på Sveio kjem utstillinga.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
I dette rommet i senteret på Sveio kjem utstillinga.

Ordføraren reddar peparkake-utstilling

Då peparkake-utstillinga vart truga av travle tider, trådde ordføraren sjølv til for at det skulle verte noko av. — Det kjem neste veke. Alle kan melda seg på, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap)

Publisert Sist oppdatert

Inne på det ledige rommet i Sveio senter står ordførar Linn Therese Erve (Ap) med ein kvit duk.

Ein sveibu stikk hovudet innom for å kome med eit føreslag om parkering før han ruslar vidare.

— Her skal det kome ein peparkake-by, eller peparkake-landsby, seier Erve og brettar ut duken over eit bord.

Ho er ikkje sikker på om det skal kallast ein peparkake-by eller landsby, men ho er sikker på at den kjem. I år er det nemleg ordføraren sjølv som tek ansvar for at den vert oppført.

— Det kjem neste veke. Alle kan melde seg på. Me har invitert barnehagar til å laga noko. Eg har fått lånt rommet og bord av Eventyrlig ved sidan av, seier Erve.

Ikkje tid i år

Vanlegvis er det dei tilsette ved Eventyrlig som arrangerer peparkake-utstillinga.

Ifølgje eigar Åse Katla er det tre eller fire år sidan første gangen dei arrangerte det.
Dessverre, grunna ein travel sesong gjekk det ikkje i år.

— Me hadde ikkje tid og ho ville gjere det. Då sa me «ver så god». Det var berre kjekt det, seier Katla.

— Vert det vemodig å ikkje halde det sjølv?

— Ja på ein måte, men kjekt at den kjem jamvel. Fordi det er mange som spør, mellom dei forskjellige barnehagar og familiar. Dei som har vore med før synast det er kjekt, seier ho.

Peparkake by eller landsby?

Katla seier ho sjølv ikkje har planar om å kome med eit peparkake-bidrag, men kimar inn på spørsmålet om ein skal namngjeve utstillinga ein peparkake-by eller peparkake-landsby.

— Hmm, ein av kategoriane er jo ein kopi av eit bygg i Sveio. Nei, me er jo ikkje ein by, me er ein bygd, så eg seier peparkake-landsby, seier Katla.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) seier utstillinga opnar neste veke, tysdag 6. desember.

Tilbake på rommet står ein nøgd ordførar. Den siste tida har rommet vore brukt til eit opent bokutsal, men no er bordet klart til peparkake-bygga som kjem neste veke.

— Eg har kledd meg for anledninga også, ein fin julegenser, humrar Erve.

På utstillinga skal tre kategoriar skal premierast:

• Mest kreative
• Mest sjarmerande
• Beste kopi av bygning i Sveio

Fristen for påmelding er fredag 2. desember og sjølve utstillinga opnar tysdag 6. desember. Om ein skulle verte inspirert etter fristen har gått ut er det ikkje krise.

— Det er framleis mogeleg, berre gi ein lyd, seier Erve.

Powered by Labrador CMS