nyhende

Ordførar Linn Therese Erve kom på trening onsdag kveld for å gratulerer europemeistrane til Sveio Drill.FOTO: PRIVAT
Ordførar Linn Therese Erve kom på trening onsdag kveld for å gratulerer europemeistrane til Sveio Drill.

Ordføraren heidra europameistrane

Dei nybaka europameistrane til Sveio Drill fekk overraskingsbesøk av ordføraren på treninga onsdag kveld.

Publisert Sist oppdatert

Det var sist sundag at Sveio Drill representerte Noreg under Europameisterskapen i drill i Italia, og gjekk heilt til topps i klassen exhibition junior.

Drilltroppen kom heim til Sveio seint tysdag kveld, og var på plass på trening allereie dagen etter.

Dit kom også ordførar Linn Therese Erve. Ho helste på og alle utøvarane fekk ein liten blomehelsing frå ordføraren.

Ordføraren fekk posere saman med europameistrane.

— Sveio drill gjer ein enormt god jobb. Det er veldig imponerande å følgje dei, seier ho til Vestavind.

Ho er ikkje i tvil om at prestasjonen deira blir lagt merke til, og at dei set Sveio på kartet.

— Dei er gode Sveio-ambassadørar, seier ein stolt ordførar.

Stolte foreldre tok i mot europameistrane då dei landa på Stavanger Lufthamn tysdag kveld.
Powered by Labrador CMS