nyhende

Opprørt over gravplassar

Gravplassane ved Fjellstad er ei skam for både dei besøkande og for dei som ligg der, meiner ekteparet Kari og Knut-Ove Tvedt. Det er ikkje første gong dei tar opp korleis det ser ut på gravplassen.

Publisert Sist oppdatert

Offisielt heiter gravplassane Sveio nye ved Fjellstad (plassen nærast vegen) og Sveio gamle ved Fjellstad. Gravplassen ved kyrkja heiter Sveio sentrum. Ekteparet omtalar gravplassane ved Fjellstad som den gamle gravplassen.

– For ein del år tilbake såg det heller ikkje ut. Me var fleire som tok det opp, og etter at det kom i avisa blei det ordna opp. Eg har familie liggande der, og då me skulle besøka gravene no, såg det verre ut enn nokon gong, seier Kari.

Gravsteinar fleire stadar

Ekteparet tok ein runde på heile området, og blei opprørte over kva dei såg.

– Det ligg gravstøtter meir eller mindre stabla ein heil del stader. Det same gjer fester til støttene. Nokre av dei med jernboltane ståande rett opp. Dei ligg både inntil og oppå kyrkjegardsmurane. Andre stader er dei berre dytta utfor området med plen som blir klipt. To graver er det hol i, fortel ekteparet.

Vestavind har vore ein runde på gravplassane, og bildene og videoen (sjå under) stadfestar at det ikkje ser bra ut.

Vågar ikkje sitta på benkane

– Plenane er klipt, men det hjelper lite på inntrykket når det elles ser slik ut. Benkane som står der vågar ikkje eg å setja meg på. Og det ser ikkje bra ut med nedklipte tre og buskar som berre er blitt lagt ned der dei er klipt. For ikkje å snakka om den store «komposthaugen» ved den eldste delen. Der har eg med sjølvsyn sett at det er dumpa heilt andre ting enn kompost, seier Knut-Ove.

Ein del av gravene på den gamle kyrkjegarden blir ikkje stelt, og det veks både tre og buskar på dei.

– Me har forståing for at ein ikkje kan stella graver som familien ikkje gjer noko med lenger, men det må då kunna gå an å fjerna buskar og tre der gravsteinane er tildekka. Eller senda melding til familiane om dette, seier Kari.

Fleire som er engasjerte

Ho fortel at det er fleire som er engasjert i dette, og dei har fått tilbakemeldingar frå andre som har sjekka dei andre gravplassane i Sveio, og at det berre ved Fjellstad at det ser slik ut.

Dei kan ikkje forstå at det skal vera så vanskeleg å finna ein stad utanfor gravplassen å legga gravstøttene.

– Til dømes ved miljøstasjonen. Då kan Skattkjær og andre som driv med gravstøtter henta dei. I dag er det lov med gjenbruk av gravstøtter, og dei kostar mindre enn nye gravstøtter, seier Kari.

Trur det skal orda seg

Ekteparet har vore på soknehuset for å snakka om gravplassen. Kyrkjeverja hadde ferie, så dei fekk ikkje dei svara dei var ute etter. Dei har også hatt ein prat med ordføraren, og han lova å sjå på saka. Dagen etter var han ein tur på gravplassane for å sjå korleis det ser ut.

– Eg er samd med ekteparet at det ikkje skal sjå slik ut på ein gravplass. Rådmannen er informert og har fått bilder eg har tatt, og dette skal me ta tak i. I september skal me ha møte med kyrkjeverja, og me har meldt inn situasjonen på gravplassen som eit tema. Eg har tru på at dette skal ordna seg, seier André Mundal Haukås.

Må ligga i seks månader

Kyrkjeverje Rita Holmedal var tysdag tilbake frå ferie.

– Generelt er det slik at gravsteinar som blir fjerna må ligga seks månader før dei blir makulert eller gjenbrukt. Det gjeld både for Sveio og Sunnhordland. Med ein så stor gravplass som ved Fjellstad er det naturleg at dei blir samla ein plass både på nedre og øvre del.

– Men slik er det ikkje på gravplassane ved Fjellstad. Det ligg steinar og fester mange stadar?

– Eg har ikkje sett det du beskriv, og vil ta meg ein tur. Me må sjå kva me kan få gjort, for me vil jo at det skal sjå fint og greitt ut.

Ikkje tradisjon

– Spesielt på øvre del av gravplassen er det gjengrodde graver, og i eit par liggande sementsteinar er det sprekker og hol. Kan de bidra med stell eller varsling til familie slik at gravene blir ivaretatt?

– Borsett frå enkelte legatgraver der me får betalt for stell, er det festar si oppgåve å stella gravene. Å varsla om graver som treng stell har me i utgangspunktet ikkje tradisjon for, seier Holmedal.

Powered by Labrador CMS