nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Oppmoding til dei som kjem frå eller har vore i Danmark

Publisert Sist oppdatert

I følgje Helsedirektoratet bør alle som har vore i Danmark dei siste to vekene testa seg for koronasmitte og melda frå til lokale styresmakter at dei har vore i landet.

Dersom dette gjeld innbyggjarar i Sveio, kan dei ta direkte kontakt med testsenteret i Aksdal og melda ifrå, samt avtala tid for testing, opplyser Sveio kommune. Uavhengig av testresultat, blir det bede om at ein held seg i karantene 10 døger etter ankomst.

Årsaka er at det er frykta redusert effekt av ei framtidig vaksine dersom me får spreiing av den nye virusstamma frå mink i Danmark, opplyser Helsedirektoratet.

Powered by Labrador CMS