nyhende
Oppmodar om å sjekka blåskjel før dei etast
I sommar kan ein raskt sjekka om blåskjel ein finn er trygge å eta. Mattilsynet kan hjelpa både på nett og i app.
Sjølv om det fins mykje spiselig i sjøen er det nokre ting ein skal vera varsam med, mellom anna blåskjel.
Mattilsynet går no ut med oppmoding og åtvaring, sjekk om blåskjel du har plukka er trygge før du et dei. Elles kan ein i nokre tilfeller verta forgifta.
Blåskjel får i seg planktonalgar i frå sjøen. Nokre av desse algane produserer gift som vert lagra i maten i skjelet.
Mattilsynet understrekar at om det kjem gift i dei, så kan den ikkje fjernast ved koking eller frysing.
Måten ein sjekkar er enten nettsida til Mattilsynet eller deira app. Der finn ein kart som dei oppdaterer kvar fredag, med 33 stader kor dei testar om blåskjela er trygge.
Næraste test-stad for sveibuar er Rogøysund i Bømlo, som i skrivande stund viser at ein ikkje skal eta blåskjel i nærleiken.
Kartet har fargekoder, kor grøn er trygt, gul viser at skjel kan etast med måte (frå 15 til 20 mellomstore skjel), og raud som betyr at ein ikkje skal eta dei.
For dei som er interessert i matauk kjem Mattilsynet også med nokre tips om hausting av blåskjel.
– Plukk dei i frå rein sjø kor det er utskifting av vatnmassar.
– Bruk berre friske og levande skjel. Det vil seie at om skjelet ikkje luktar friskt, eller ikkje lukkar seg når ein knipsar på dei eller held dei under kaldt rennande vatn, så skal det ikkje etast.
– Dei er betre jo ferskare dei er. Oppbevar dei kalde fram til ein skal laga mat med dei.
– Frys dei ikkje, men legg dei gjerne oppå is inni kjøleskapet.