nyhende

Dette er berre ein av båtene som nok har flytta på seg grunna den høge vasstanden i Vigdarvatnet.FOTO: TOR ANDRÉ JOHANNESSEN
Dette er berre ein av båtene som nok har flytta på seg grunna den høge vasstanden i Vigdarvatnet.

Oppmodar båteigarar i Vigdarvatnet til å ta ein sjekk

Har du båt eller anna utstyr liggjande i eller nær vasskanten i Vigdarvatnet? Då er det nok lurt å sjekke at alt ligg der det skal.

Publisert Sist oppdatert

Grunna all nedbøren den siste tida er vasstanden høg i innsjøane. Også i det store Vigdarvatnet har vasstanden auka kraftig i det siste.

Denne båten låg delvis under vatn laurdag.

Då hobbyfotografen Tor André Johannesen gjekk tur ved Vigdarvatnet laurdag, dokumenterte han fleire båtar som treng raskt ettersyn.

— Det er fleire som bør sjå etter båtar og utstyr som ligg i eller nær vasskanten, seier han.

Nok ein båt som treng tilsyn.

Forureining

Han såg også ting som dreiv i sjøen, og det er difor ikkje berre av omsyn til båteigar han kjem med oppmodinga.

— Også av omsyn til miljøet, slår han fast.

Dette låg å flaut ute i vatnet.

Det er meldt enno meir nedbør det næraste døgnet, men regnet er venta å gi seg utpå dagen måndag, ifølgje yr.no

Powered by Labrador CMS