nyhende
Oppmodar alle foreldre til å sjekka for hovudlus
Hovudlus er eit tilbakevendande problem. Helga 11.–12. mars ber FHI om at alle foreldre og føresette sjekkar husstanden for hovudlus
— Viss alle sjekkar seg denne helga slik at dei med lus kan behandlast på omtrent same tidspunkt, vil det redusera talet på hovudlustilfelle, seier forskar Bjørn Arne Rukke i avdeling for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.
Anslagsvis blir 1–2 prosent av alle barneskulebarn ramma av lus. Det gjeld heile tida. FHI beskriv lusa som eit tilbakevendande problem i både skular og barnehagar.
Ikkje så mange dei siste åra
– Det er kvart år nokre som får luseplager, men det har ikkje vore så mange dei siste åra, seier Grethe Natås, leiande helsesjukepleiar i Sveio kommune.
Den nasjonale kampanjen blir følgt godt opp kvart år med informasjon til skular og barnehagar. Kommunen har også informasjon på heimesida. Natås har ei oppfordring til dei som får lus:
– Av og til kan det vera vanskeleg å bli kvitt lusa. Det er derfor veldig viktig å behandla slik preparata ein får kjøpt på apoteket viser, samt bruka lusekam.
Bør behandlast raskt
For å sjekka om ein er smitta, tilrår FHI at ein til dømes greier håret med lusekam, greier det heile vegen frå hovudbotnen til hårspissane og greier håret medan det er vått.
– Barn med hovudlus treng ikkje å haldast heime frå barnehage og skule, men ein bør prøva å få behandla dei så raskt som mogleg, skriv FHI.
Lurer du på korleis du kan bli smitta? Kva symptom du skal sjå etter? Korleis behandla? Kor lenge lusa lever? Om heile huset må vaskast ned etter smitte? Svar på dette og mykje meir finn du på FHI si temaside Hovudlus.