nyhende

Opplevde ikkje OL, men diggar moten

I desse dagar er det 30 år sidan vi lot OL-floka gå over heile landet. At kleda frå vinterleikane på Lillehammer er attende i motebiletet blant dei yngre i dag, er inga sjølvfølgje.

Publisert Sist oppdatert

Søkjer du «OL 94» på Finn, får du hundrevis av treff. Side opp og side ned med klede, pins, faklar, glas, figurar, og så vidare. Er du spesielt interessert, kan du til og med kjøpe mjølkekartongar eller metallskilt frå vinterleikane på Lillehammer, og er du fysen på ein liten smak av OL utan å forplikte deg, kan du leige ei OL-drakt for om lag 1.000 kroner helga.

Men skal ein tru ungdommen, er det genserane som er gjevast. Det meiner i alle fall Volda-student Even Funderud (21), frå Svinndal i Østfold.

Vintage stil med OL-antrekk

Dei siste fire åra har han samla seg opp ein gild kolleksjon med OL-klede frå 1990-talet. På det meste har han hatt rundt 50 plagg i samlinga – no ligg talet på rundt 20.

– Interessa mi for slike klede tok til da eg gjekk på folkehøgskule. Ein av lærarane mine hadde på seg ein genser frå OL ’94. Det opna verkeleg auga mine for idrettsmote som konsept, og for at klede kan uttrykkje kva ein likar, fortel han.

Funderud har ein nettbutikk der han sel OL-klede. Det er mykje interesse rundt å kjøpe idrettsmote, ifølgje han, og han trur at vintage-aspektet er noko av det som gjer kleda appellerande for generasjonen hans.

– Det er ikkje artig om det er for nytt, heller. Eg har ei personleg grense på Aten 2004, og kjøper ikkje OL-klede som er nyare enn det.

Gjennomtenkt design

Nøyaktig kor mange ulike genserar frå OL 1994 som finst er ikkje sikkert, men eit søk på «genser» på Norges Olympiske Museums digitale arkiv gjev 190 treff.

Designprogrammet for Lillehammer-OL blei utvikla av Peter Moshus og Lillehammer Olympiske Organisasjonskomité. Det var svært gjennomtenkt, samstundes som at det gav stort rom for fridom for dei respektive designarane og produsentane, fortel Janne H. Arnesen, rådgjevar på Nasjonalmuseet, i ein epost til Nynorsk pressekontor.

– Sjølv om det er element av raudt, kvitt og blått i designprogrammet, var ikkje desse fargane brukt som primærfargar. Hovudgrunnen var at desse tre fargene går att i svært mange flagg i verda, og er ikkje særnorske, fortel ho.

Flest mogeleg med

Designprogrammet bestod mellom anna av ein spesifikk fargepalett, i tillegg til eit snøkrystallmotiv, eit nordlysmotiv og ein rune-inspirert piktogamserie. Dette stod designarar og produsentar frie til å kombinere som dei ville, og dermed oppstod det mange forskjellige variantar av OL-klede.

– Dei ulike produkta som blei skapte til Lillehammer-OL blei selde hjå dei respektive produsentane og dei eksterne forhandlarane deira. Altså var genserane frå Husfliden truleg primært å finne hjå Husfliden, produkta til Devold i sportsbutikkar, Porsgrund Porselen sine produkt i glasmagasin, og så bortover, seier Arnesen.

Det var eit ynskje frå offisielt hald at flest mogleg fekk vere med på den økonomiske oppturen, så jo meir spreidd handelen var, jo betre. OL-produkta skapte ein vekst hjå norske konfeksjonsfirma, husflidssentralar og andre produsentar, ifølgje Arnesen.

Pins kunne gå for fleire tusen kroner på bruktmarknaden i tida rundt OL. Julekorga er, ifølgje Helgerud, ein av dei mest ettertrakta knappane, og kunne gå for opptil 15.000 kroner da interessa var på sitt høgaste. Dette er ein falsk kopi – til dømes skal det eigentleg stå Lillehammer der det står Trondheim.

– Artig at det blir gjenoppdaga

– Blant vennene mine er det stor einigheit om at Lillehammer-OL var ein kjempefest. Fleire av dei kjøpte mange av produkta før og under OL. Når det i tillegg vart erklært det beste vinter-OL gjennom tidene, vart den visuelle profilen eit symbol på folkefesten og den nasjonale stoltheita, seier Arnesen.

Men at desse produkta framleis lever sitt beste liv, 30 år etter heile verda såg elden lyse over Lysgårdsbakkane – det er inga sjølvfølgje.

– Vennene mine er òg veldig einige i at det raskt vart heilt «ut» å bruke kleda, pinsane og effektane etter 1994, at metningspunket kom raskt og heldt seg lenge. Det er difor gøy at yngre generasjonar oppdagar designet på nytt, ser på dei med heilt nye briller, og brukar dei i kvardagen og som «cred»-plagg, fortel Arnesen.

Samanliknar med russetida

Magnus Helgerud er idéhistorikar og forfattar. Han har skrive boka «16 dager på Lillehammer», og er heilt einig i det Arnesen seier.

– Det tok ikkje lang tid før OL-effektane var heilt passé – no hadde det trass alt halde på i fire år, seier han. Oppladninga mot OL tok nemleg til på byrjinga av 90-talet.

Helgerud samanliknar det med russetida – å gå rundt med russeklede i lang tid etter russetida, kan nok bli oppfatta som krampaktig. Han trur det er fyrst no dei tre-fire siste åra det har vorte hipt å gå rundt med OL-klede att. Idéhistorikaren fortel om ein vintage-butikk i Oslo som la ut fire OL-capsar for sal, som alle vart seld i løpet av ein halvtime.

90-tals estetikk og eldgamle runer

– Eg hadde aldri trudd at det skulle bli sosialt akseptert å gå i OL-klede att! 90-talet er veldig i vinden, og for ungdomsgenerasjonen handlar ikkje desse kleda nødvendigvis om OL – men heller om estetikken. Vi ser på ei merkeleg krysning mellom eldgamle runer og 1990-talet. Det er veldig kult!

Helgerud var ein tiåring i Porsgrunn da OL gjekk av stabelen på Lillehammer. Han var altså aldri til stades under leikene, men dei har likevel festa seg som eit sterkt barndomsminne. I boka si ynskjer han å fortelje historiene som folk ikkje hugsar frå dei olympiske leikene.

– Det var ein idretts-, folke- og fyllefest, ler han.

Powered by Labrador CMS