nyhende

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) er skuffa over svaret frå statsråden.
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) er skuffa over svaret frå statsråden.

Oppgjeven over E39-svar frå statsråd: – Uforståeleg

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) fekk eit spørsmål stilt til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) om kor mykje makt Sveio har over traséval til ny E39. – Ikkje godt å forstå svaret, seier Eriksen.

Publisert Sist oppdatert

Helge Andre Njåstad (Frp) er representant på Stortinget og partikollega til varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp). Måndag stilte han eit spørsmål på hennar vegne til kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp):

– Kva handlingsrom har kommunestyret som planmynde på planlegging av E39 gjennom kvar einskild kommune?

Får ikkje klart svar

Eriksen ynskte eit konkret svar på kor mykje makt Sveio faktisk har, og om avgjersla til kommunestyret er endeleg, eller om den kan overprøvast høgare opp. Eriksen er oppgjeven over svaret ho fekk.

– Det er som Njåstad sa, «klart språk er ikkje noko dei kan». Me forstår det ikkje heller, men leser det slik at me som kommune har mynde, men viss me ikkje gjer som dei vil så kan dei gjera det likevel, seier ho.

Svaret frå statsråden stadfestar at det er kommunen sitt hovudansvar å planlegga veg, men også at kommunen har ansvar for at nasjonale og regionale interesser vert ivaretekne. Og, viss staten og kommunen ikkje kjem til semje, kan staten byrja planarbeid sjølv. Eriksen synest det er urettferdig.

– Når det kjem til traséval så har me ikkje noko me skulle ha sagt. Eg kjenner at eg er oppgjeven, for å seia det mildt.

– Kva tenkjer du om at de i kommunestyret får ansvaret for å velja trasé, men at de samstundes kan overprøvast om staten ikkje liker kva de vel?

– Eg synest det er himla krevjande, svarar Eriksen.

Fryktar Sveio vert overkøyrd

Hovudårsaka til at ho er uroa er frykta for at økonomi skal overkøyra lokale ynskje.

– At den vegen skal gjennom Førdebygda vert ikkje med mi røyst, for å seia det slik. Og Vihovde er også eit problem. Der vil det gå gjennom gardar og jorde. Det er ikkje noko betre lengre nord. Me får berre håpe at det kjem ny tunnel på Hope.

Du vil ha tunnel i Førde og Valevåg?

– Ja, svarar ho.

– Men tunnel er dyrare?

– Det er dyrare, og dyrare å drifta. Men det er eit val me må gjera. Det skal bu folk i heile kommunen, og skal me ha befolkning der så kan ikkje vegen gå gjennom der dei bur, svarar Eriksen.

Kva trasé trur du kommunestyret vel?

– Tunnelløysingane. Og så kjem Vegvesenet og vel den billigaste løysinga, og så vert me to motpolar, seier Eriksen.

Spent på folkemøtet

Håpet hennar er at støymålinga som skal gjerast av Vegvesenet vil visa at det vert for mykje støy, og at tunnel difor er einaste løysinga. Går ny E39 gjennom Førdebygda meiner ho at ein kan ta farvel med bygda.

– Då vert det ikkje mykje igjen av bygda. Eg er redd det vil rasera heile Førdebygda, seier Eriksen.

Varaordføraren er glad for å ha fått svar frå statsråden, men kjem samtidig med kritikk for utydeleg språk. For ikkje nokon stad står det i klartekst at staten kan overprøva om dei ikkje er nøgd med avgjersla til kommunen.

– Reine ord for pengane er det me ynskjer oss, slik som ein vanleg mann på golvet kan forstå, avsluttar ho.

Både ordførar André Mundal Haukås (H) og Eriksen skal vera til stades på folkemøtet i Førde i kveld klokka 18.00, i samfunnshuset.

Powered by Labrador CMS