nyhende

I arbeidspraksis:

I arbeidspraksis: Gaute Osa Erve

– Oppgåvene her er ganske lette

Denne våren har Vestavind Dani Lukas Grunnevåg i arbeidspraksis. Han skal prøva seg på forskjellig, og vil mellom anna halda fram spalta «I arbeidspraksis». Her får du møta andre 8. klassingar som er ute i jobb ein dag i veka.

– Kvar jobbar du?
– Eg jobbar på Sveio Blomster.

– Kvifor valde du denne jobben?
– Eg valde denne jobben fordi det ikkje er så langt å reisa til jobb.

I arbeidspraksis

Namn: Gaute Osa Erve

Alder: 13 år

Bustad: Rophus

– Kva er arbeidsoppgåvene dine?
– Eg kostar litt, og så kastar eg greiner i ein konteinar.

– Kva likar du best med jobben?
– Eg syntes det er tilfredsstillande å kosta golvet.

– Er det noko du synest har vore utfordrande?
– Nei, eg synest eigentleg ikkje det har vore utfordrande, for oppgåvene her er ganske lette.

– Synest du jobben passar for deg? Kvifor/kvifor ikkje?
– Nei, eg synest ikkje jobben passar heilt for meg, fordi eg ikkje er kjempefan av blomar.

Powered by Labrador CMS