nyhende
Oppfordrar til påskerydding
– Bruk påska til å rydda i naturen, er oppfordringa frå Lars Einar Hollund i Njord Dykkarklubb.
I løpet av denne veka vil dykkarklubben plassera ut bosskonteinarar på parkeringsplassen ved Sveio kyrkje, på ferjekaien i Buavåg, kommunekaien i Auklandshamn, Våga-kaien og ferjekaien i Valevåg. Førde er ikkje med denne gongen. Det har samanheng med at dykkarklubben har planar om ein større ryddeaksjon i Førde seinare i år.
Desse konteinarane kan folk nytta gratis til boss dei finn ute i naturen.
Ventar fleire tonn
– Erfaringa vår etter fleire slike ryddeaksjonar i påska er at det kjem inn fleire tonn med boss, seier Hollund.
Bosset som blir samla inn på denne måten skal helst vera herrelaust. Det vil seia at det ligg slengt ute i naturen og at ein ikkje kjenner til kven det tilhøyrer. Men Hollund går eit lite steg lenger.
– Gjenstandar som har lege ute i lengre tid, og som tydeleg er kasta eller forlatt, må gjerne kastast i konteinaren sjølv om ein har aning om kven det ein gong har tilhøyrt, seier han.
Mest frå strandsona
Plasseringa av bosskonteinarane indikerer at det først og fremst er boss langs strandkanten dykkarklubben håpar å få samla opp. Kontaineren ved kyrkja i sentrum er eit unntak.
– Men erfaringa vår er at mykje av bosset som kjem inn her også, ville ha hamna i sjøen etter kvart, seier Hollund, som understrekar at alle konteinarane kan nyttast av kven som helst. Dykkarklubben deler også ut plastsekker til dei som ynskjer det.
Alle konteinarane skal, som nemnt, vera utplasserte før palmesøndag. Dei blir ståande til tysdag 2. april.