nyhende

Del av Sveio skule.
Del av Sveio skule.

Opnar skulane så snart som mogleg

Skulane i Sveio vil opna for alle elevar så snart som mogleg. Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Solfrid Lier Habbestad, kan likevel ikkje lova at alle kjem i gang frå måndag. Det vil ho svara på først fredag føremidag.

Publisert Sist oppdatert

– Det viktigaste er at alle er på plass og kjem i gang med vanleg undervisning i løpet av neste veke, seier ho.

Kommunalsjefen hadde då nettopp lasta ned den nye smittevernrettleiaren for skulane, og seier ho må studera den litt nærare. Fredag føremiddag vil det vera klart når den enkelte skule i Sveio er klar til å ta imot dei ulike klassetrinna.

Rom for fleksibel oppstart

På pressekonferansen fortalte statsminister Erna Solberg at alle elevar frå 5. til 10. klassetrinn kan venda tilbake til sin skule frå måndag. Men det blir gitt rom for fleksibel oppstart ettersom det også skal gjennomførast smittetiltak.

Dette gjorde også kunnskapsminister Guri Melby greie for i sitt innlegg. Ho peika mellom anna på at romsituasjonen på den einskilde skule varierer og kan gi  ulike utfordringar.

Elles fortalte Melby at også kjøreskulane kan starta opp igjen måndag. Det same gjeld vaksenopplæring. Høgare utdanning opnar dørene gradvis frå måndag, kunne statsråden for forskning og høgare utdanning, Henrik Asheim fortelja.

Ulike utfordringar

Også i Sveio er det ulike utfordringar med omsyn til plass frå skule til skule, seier Solfrid Lier Habbestad.

– Det har svirra ulike rykte om kva klassetrinn som ville få starta måndag, og me har førebudd oss på ulike scenarier. Nå må me studera smittevernrettleiaren i lys av at alle elevane frå femte til tiande klassetrinn nå kan venda tilbake, og samordna planane våre ut frå det, seier kommunalsjefen.

Større grupper, mindre karante

Det var ein omfattande plan for gjenopning av landet regjeringa presenterte torsdag. For eksempel vil det nå bli lov å samla inntil 20 personar privat, rett nok med avstandskrav på ein meter. Og personar som må i karantene, vil nå sleppa med ti dagar i staden for 14.

Som tidlegare kunngjort, er det frå i dag, 7. mai, lov å samla inntil 50 personar til offentlege samkomer. Og sjølv om det ikkje blir barnetog 17. mai, kan kor og korps marsjera og opptre om dei held to meter avstand i lengderetninga og ein meter i breidda.

Frå 15. juni vil det meste vera ope, kunngjorde statsministeren. Då blir for eksempel talet på deltakarar i offentlege forsamlinga rauka til 200. Og treningssenter vil truleg også få opna igjen frå denne datoen.

Powered by Labrador CMS