NPK: Nærings- og fiskeridepartement har sendt på høyring eit utkast til ny forskrift om auksjon av løyve til lakseoppdrett.
Høyringsfristen er 5. mai, og høyringsnotatet gjeld tildeling av produksjonskapasitet til akvakultur av matfisk i sjø av laks, aure og regnbogeaure gjennom auksjon for tildelingsrunden 2022, skriv departementet i ei pressemelding.
Forslaget går i hovudsak ut på same auksjonsformat som ved tildelingsrunden i 2020, skriv Ilaks. Dette inneber at auksjonen er open, og det er ikkje sett avgrensingar for kven som kan delta eller kor mykje den enkelte kan kjøpe. Det er dessutan mogleg med avslutningsbod, som blant anna reduserer risikoen for at delar av veksten ikkje blir selt.