nyhende
Open kyrkje i Sveio fredag ettermiddag
Mange sit åleine med tankar og uro kring krigsutbrotet i Ukraina. Fredag kan du søkje stillheit og ro, og be ei bøn, i fellesskap med andre i Sveio kyrkje.
Krigen i Ukraina gjer inntrykk, også på sveibuar. Fredag ettermiddag opnar Sveio kyrkje dørene for alle som ønskjer å søkje stillheit, ro og fellesskap.
Tenne lys
— Vi gjer dette fordi vi ønskjer å gi folk mogelegheit til å søkje stillheit og ro. I kyrkja kan folk gå gi uttrykk for sin medkjensle gjennom bønn og ved å tenne eit lys for fred i Ukraina og i Europa, seier Bent Rune Sinnes i Sveio sokneråd.
Det er soknerådet, ved diakoniutvalet, som står bak initiativet.
Sinnes legger til at det er uro mange stadar i verden, men at krigsutbrotet i Ukraina gjer det det særleg aktuelt å opna kyrkja på denne måten.
Orgelmusikk
I kyrkja vil dei som kjem møte eit vertskap. Det vil bli delt ut eit ark med bøner, og ein organist speler.
— I kyrkjerommet kan ein enten finne seg ein stad og sitte, eller vandre litt rundt. Om ein berre vil komme innom i fem minnutt, eller vere der i to timar, styrer ein sjølv, seier Sinnes.