nyhende
Ønskjer yngre pensjonistar med på laget
Rundt 75 personar deltok på Sveio pensjonistforening sin jubileumsfest tysdag 5. oktober. Fleire medlemmer har kome til i haust, men enda er det plass til fleire.
Sveio pensjonistforening fylte 40 år i fjor, men grunna koronapandemien blei festen utsett. Men denne veka blei jubileet feira med eit stort arrangement på Sveio soknehus.
– Me har invitert medlemmene i pensjonistforeininga, i tillegg har me blant anna fått med oss leiar i Pensjonistforbundet Hordaland, Vigdis Ravnøy, ordførar Linn Therese Erve og sokneprest Arild Steinsland, opplyste lagsleiar Alf Staupe til Vestavind i forkant av festen.
Plass til fleire
Sveio pensjonistlag blei stifta 30. oktober 1980 etter initiativ av Sveio Lions. Foreininga har per i dag 140 medlemmer, den eldste er 97 1/2 år. Etter 1994 har foreininga vore tilslutta Pensjonistforbundet Hordaland.
I haust har det laget fått ein del nye medlemmer, men Staupe fortel at dei yngste pensjonistane er fråverande, og hadde gjerne sett at fleire melde seg inn.
Ingen strikkeklubb
Pensjonistforbundet ble stifta i 1951, og har over 800 lokalforeiningar spreidd rundt om i heile landet. Det betyr at det finst ei lokalforeining i nærleiken av deg, der du er hjarteleg velkomen til aktivitetar og fellesskap.
– Men viss du trur det er ein strikkeklubb og berre sosialt, er det feil. Me likar å diskutera og få meir kunnskap, fastslår Ravnøy. Ho er framfor alt oppteken av å kjempa for alderspensjonistar og dei trygda sine kår.
– Korleis er det å vera pensjonist i Sveio?
– Me har ingenting å klaga over, me har det kjempebra, fastslår Alf Staupe. Han har vore medlem i foreininga i 20 år, snart seks år som leiar.
Staupe fortel at reiser og opplevingar, lokalt engasjement og fellesskap er nøkkelord for laget lokalt.
Vigdis Ravnøy har merka seg at Sveio pensjonistlag er godt representert i Eldrerådet, som er pensjonistanes talerøyr inn i kommunestyret. – Eg håpar mange brukar eldrerådet til å ta opp saker som rører seg i Sveio. Det var Pensjonistforbundet som for mange år sidan fekk dette talerøyret for dei eldre på plass, påpeikar ho.