nyhende
Bompengar frå Haugalandspakken til fordeling:
Ønskjer ny veg, ikkje berre trafikksikring
Haugalandspakken har tilgjengeleg 350 millionar kroner. Til trass for solid oppslutnad for eit framlegg om å prioritera ny veg mellom Ekrene og Vikse, kan Sveio enda opp med ein sum til trafikksikring, fortel lokale FrP-politikarar.
– Kvifor skal ein vera med i ei styringsgruppe og bruka mykje tid på ei sak om ein ikkje blir høyrt, seier Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Sveio FrP oppgitt.
På styringsgruppemøte i Haugalandspakken i juli, kom Sveio kommune med forslag om å leggja tilgjengelege midlar til Åkra sør/Veakrossen (135 millionar kroner) og Ekrene-Vikse (195 millionar kroner). Under avstemminga fekk forslaget eit stort fleirtal, men det gjorde ikkje utslag, sjølv om Sveio, Bokn, Vindafjord, Karmøy, Etne, Tysvær kommunar, samt Vestland fylkeskommune – totalt åtte stemmer, var for.
Eitt prosjekt bestemt
Haugesund kommune og Rogaland fylkeskommune hadde eigne forslag, som fekk henhaldsvis to og fire stemmer. I møtereferatet, står det at styringsgruppa ikkje blei einige om eit alternativ, bortsett frå at midlar vil låsast til Åkra sør/Veakrossen, då alle tre forslaga hadde dette tiltaket inne.
Saka vil derfor bli løfta til fylkestinga i Rogaland og Vestland for endeleg avgjerd.
Oppmoding
Eriksen meiner at lokaldemokratiet ikkje blir høyrt dersom politikarane må legitimera det som Rogaland fylkeskommune meiner, og oppmodar politikarkollegaene i Sveio om å snakka med sine partifellar i fylka og tala Sveio si sak.
– Me blir avetne med ingenting om det går som Rogaland skisserer. Me kan få 20 millionar kroner til trafikksikringstiltak på Rophus, seier Rune Teikari (FrP).
Sigbjørn Framnes, fylkestingmedlem i Vestland er på ballen.
– Me i Vestland har ikkje problem med å støtta opp om det som skjer, slik at våre innbyggjarar får nytte av bompengane som er innbetalte, seier Framnes.