nyhende

sommarvind
Ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Ønskjer avstemming om kva fylke me skal vera i

Formannskapet ønskjer folkeavstemming før politikarane bestemmer seg for om Sveio skal bli verande i Vestland fylke.

Publisert Sist oppdatert

For snart to veker sidan kom rapporten som kort oppsummert seier at Sveio vil få fleire fordelar om me blir ein del av Rogaland fylke. No er den politiske prosessen så smått i gong, formannskapet la rapporten ut på høyring måndag kveld.

Politikarane var aktive med å dela sine tankar kring rapporten. Mellom anna var tidspunkt for kva tid ein eventuelt bør søkja eit tema, spesielt med tanke på at det er kommune- og fylkestingval i 2023. Her kan det bli ei demokratisk utfordring.

Fylkestingval

Dersom det blir vedteke å skifta fylke frå Vestland til Rogaland, må søknaden sendast i 2021, då kan me vera i nytt fylke frå 1. januar 2024, og røysteføre sveibuar vil vera valbare til fylkestinget i Rogaland ved fylkestingsvalet i september 2023.

Kjem søknaden seinare, kan ein konsekvens bli at innbyggjarane i Sveio ikkje kan stemma eller stilla til val ved fylkestingsvalet i Rogaland i 2023, slik at kommunen vil bli utan fylkespolitisk representasjon fram til lokalvalet i 2027, skriv rådmannen i saka.

– Fleire av medlemmene tok til orde for at dette er eit moment i vurderinga, også med omsyn til at ein er valbar. Viss me søkjer om å byta fylke i 2021 eller 2022 er me ikkje aktuelle å stå på fylkesliste for Vestland, oppsummerer ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Samla

Rådmannen har innstilt på at ein skal ta ei avgjerd i år, slik at sveibuen kan stilla og stemma i rett fylke neste fylkestingval, men no vil bli opp til kommunestyret å styra prosessen. Det er også kommunestyret sitt mynde å fatta eit vedtak om folkeavstemming. Det er venta at saka vil bli diskutert i neste møte, måndag 20. september.

Ordføraren er glad for at formannskapet var samstemte, slik at dei kom fram til eit felles vedtak.

– Alle ønskjer avstemming. Saka er sendt vidare til kommunestyret, der rådmannen vil gi meir informasjon i saka, seier Erve.

1. desember er siste sjanse for å komma med innspel til rapporten. Det opne møtet 23. september med Telemarksforsking, som har utarbeida rapporten, vil gå som planlagt.

Powered by Labrador CMS