nyhende
Omfattande program for kulturveke
– Frå 21. til 26. oktober blir kommunen vår forvandla til ei smeltegryte av kultur, kunnskap og kreativitet, fortel einingsleiar for Vigdartun Pål W. Jøsok og biblioteksjef Kristine Thorkildsen Person.
Jøsok er også rektor i Sveio kulturskule. Den komande kulturveka er ein del av Valen-arbeidet i kommunen. Denne gongen slår kulturavdelinga på stortromma med eit omfattande program som blir innleia med eit foredrag om USA si politiske framtid og avslutta med jazzmusikk.
Det er NRK-veteranane Joar Hoel Larsen og Eva Bratholm som kjem til Sveio for å snakka om amerikansk politikk. Vestavind kjem tilbake med eigen førehandsomtale av dette arrangementet seinare.
Livsverk i samling
Sveio får fleire forfattarbesøk i løpet av veka, mellom desse Vegard Markhus som andreklassingane i kommunen er inviterte til å møta, Ingrid Bjerkeland som besøkjer åttandeklassingane og Anita Østerbø som blir med på bokbad i Valestrand kulturkyrkje. Onsdag skal den nye boka «Einar Øklands livsverk i samling» av Ottar Greipstad og Sverre Tusvik presenterast i Sveio folkebibliotek. Boka er gitt ut på Fonna Forlag og handlar om Økland si velkjende samlarinteresse. Økland vil sjølv vera til stades under presentasjonen.
Seinare onsdag blir det kulturskulekonsert i Valenheimen.
«Epos» tilbake
Fredag startar med eit musikalsk barnehageprogram, «Jakten på tonene», og held fram med GirlTechFest på biblioteket, som er ein inspirerande teknologidag for jenter på 5. trinn. Og så kjem gode, gamle «Epos» til Førde med ei forestilling om Magnus Lagabøte og landslova landslova han var opphavsmann til for 750 år sidan. Elevar frå Førde og Auklandshamn skular er mellom dei som skal sjå denne forestillinga.
Den tidlegare bokbåten er ikkje lenger flytande biblkiotek og tilhøyrer ikkje lenger Vestland fylke, men dei nye eigarane leiger han ut til til ulike kulturarrangement.
Jazzkafé
– Me avsluttar veka med stil på laurdag. I Valenheimen kan dei minste kosa seg med ein hyggeleg Bok & Bolle-stund, medan jazzelskarar kan sjå fram til jazzkafé med Thomas Torstrup og Simen Kiil Halvorsen, fortel Jøsok.
Heile programmet for kulturveka er å finna på Sveio kommune sine nettsider.