nyhende

Eitt parti ba om at heile prosessen blei stoppa:

Om 111 dagar kan folket velja: Vestland eller Rogaland

Politikarane i Sveio har lagt eit løp for korleis innbyggjarane skal opplysast før det blir rådgjevande folkeavrøysting 10. januar 2022.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune skal vurdera å søkja seg over til Rogaland fylke tidleg til neste år, og altså ikkje innan utgangen av dette året som først tenkt. Det er politikarane i kommunestyret som styrer prosessen, og måndag kveld blei vegen vidare spikra.

Sentrale punkt

  • Informasjonsmøte om rapporten er flytta frå 23. september til 21. oktober 2021.
  • Høyringsfristen på rapporten frå Telemarksforsking blir sett til 1. desember 2021.
  • Det skal lagast ein kortversjon rapporten og prosessen på maks ti sider. Den skal sendast til alle husstandar i kommunen.
  • Det skal haldast tre opne, temabaserte informasjonsmøte om rapporten.
  • Alle fire møte skal strøymast og gjerast tilgjengelege på Sveio kommune sin nettstad.
  • Det vil bli to alternativ i folkeavrøystinga av fylkestilhøyrsle: I Vestland, II Rogaland.
  • Dei som er fødde i år 2005 og tidlegare har røysterett.
  • Førehandsrøysting blir i perioden 1. desember 2021-7. januar 2022.
  • Sjølve røystedagen blir 10. januar 2022.

Ap, KrF, Høgre, SV og FrP og dei to uavhengige gjekk saman om å leggja fram forslaget som er oppsummert ovanfor, som fekk 20 av 25 stemmer. Opphavleg var det Linn Therese Erve som la fram eit forslag som liknar dette, men i eit gruppemøte gjekk altså fleire saman og jobba fram eit felles vedtak. John-Kristian Økland frå Sveio Høgre la det fram for kommunestyret.

Viss Sveio Sp fekk bestemma ville Sveio blitt verande i Vestland –punktum. F.v. Vidar Høyland, Brit Elin Hovda Mølstre, Dagfinn F. Bjørge og Monica V. Valen. Ole Velde frå same parti sat ved eit anna bord.

Dei fem representantane frå Sveio Sp stemte imot forslaget.

– Me er skeptiske til fortgangen i prosessen. Har me tid til å opplysa alle innbyggjarar? Det vil også kosta kommunen ein god del pengar. Me ber om å avslutta saka, sa Monica V. Valen på vegner av gruppa si.

Senterpartiet sitt framlegg til vedtak: 

Etter å ha studert Telemarksforsking sin rapport om fylkesbyte, viser denne fleire negative konsekvensar for kommunen vår, enn positive. Mellom anna svært negative konsekvensar for nordre del av kommunen vår.
I ei slik sak burde Sveio kommune kontakta andre kommunar i Sunnhordland – Stord, Fitjar, Bømlo og Etne for å høyra kor dei står, og kva dei tenkjer i denne saka. Me er redde for at Sunnhordland vil bli skadelidande om Sveio byter fylke, det vil vera lite ønskjeleg. Sveio er og blir ein utkant, uansett kor me høyrer til. ME har gode band til statsforvaltar og fylkeskommune i Vestland, dette er relasjonar som er bygde opp over lang tid. Kvifor bryte slike viktige band?

Det er også kostnader som kommunen vår vil spara ved å ikkje fortsetta prosessen.

Saka med fylkesbyte blir avlsutta og lukka.

Framlegget blei seinare nedstemt med 19 mot 6 røyster.

MDG hadde også meiningar om folkeavrøysting. Ole-Ørjan Hov fekk protokollført at partiet hans ikkje ønskjer folkeavrøysting, då dei ikke finn det formålstenleg. Dei meiner at det kan vera fare for at mindretalet ikkje blir høyrt.

– Eit resultat av ei folkerøysting vil ikkje gi eit fullgodt bilde av meiningar frå heile kommunen, sa representanten, som elles støtta mykje i forslaget frå dei fem partia.

Det er sett av 450 000 kroner for gjennomføring av folkeavrøystinga.

MDG er imot folkeavrøysting. Ole-Ørjan Hov meiner at det kan vera ei fare for at mindretalet ikkje blir høyrt.
Powered by Labrador CMS