nyhende

Landsskyttarstevnet:

Olve Grønås Birkeland med fatet som viser at han vann skytinga på Ungdomslaget.FOTO: PRIVAT
Olve Grønås Birkeland med fatet som viser at han vann skytinga på Ungdomslaget.

Olve vart ungdomsmeister: — Det var heilt vilt!

Olve Grønås Birkeland frå Sveio innfridde favorittstempelet og vann kveldens skyting på Ungdomslaget under Landsskyttarstevnet i Bodø.

Publisert Sist oppdatert

Birkeland prikka inn 99 av 100 poeng. Det var nok til å halde konkurrentane på Ungdomslaget unna under kvelds skyting på Bestemorenga i Bodø.

— Det var heilt vilt. Eg har ikkje ord. Det var kjempegøy. Eg har trent så mykje for dette, og å endeleg få det til, eg har ikkje ord for det, sa han til NRK.

— Eit fantastisk talent. Han trener mye og leverer på høgt nivå her, var attesten frå NRK sin ekspertkommentator Ola Lunde.

I kveld får 19-åringen hauste viktig erfaring når han skyter på skive 13 i Kongelaget.

— Kongelaget blir berre kos, sa han til NRK etter sigeren.

Powered by Labrador CMS