nyhende
Ungdomslaget og Kongelaget:
Olve (19) frå Sveio skyt i to TV-sendte finalar på Landsskyttarstevnet i dag
Olve Grønås Birkeland (19) er den einaste på Landsskytterstevnet som skal skyte to finalar i dag. Han er både på Ungdomslaget og på Kongelaget i onsdagens TV-sendte finalar.
For Olve Grønås Birkeland har det meste handla om å bli ei best mogeleg skyttar dei siste tre åra. Som elev på Haugesund Toppidrettsgymnas (HTG) har han hatt høve til å trene mykje.
Under årets landsskyttarstevne, sitt første som senior, har han fått betalt for alle timane han lagt ned i idretten sin.
19-åringen frå Sveio, og Haugesund og Sveio skyttarlag, den einaste skyttaren som er kvalifisert til to finalar.
Skive 1 på Ungdomslaget
I den første finalen, på Ungdomslaget, er han favoritt til å vinne konkurransen. Han skyt på skive 1.
Ungdomsfinalen blir sendt direkte på NRK1 klokka 17.35 onsdag ettermiddag.
På Ungdomslaget skyt dei beste skyttarane som er 20 år gamle eller yngre.
Men altså ikkje nok med det. Tysdag kveld kvalifiserte han seg også til Kongelaget. Der møtast dei 15 beste skyttarane, uansett alder.
— Det er alltid lov å draume om å få skyte på Kongelaget. Men den stjerna heng høgt, slår pappa Arne Birkeland fast på telefonen.
Vestavind fekk ein prat med dei då dei var på veg til arenaen ved lunsjtider onsdag.
På Kongelaget må Olve ta inn tre poeng på berre 10 liggande skot for å kjempe om kongetittelen. Då skal mykje gå gale for konkurrentane framfor, og det er lite sannsynleg at skjer.
— Ekstremt glad
Uavhengig av resultata seinare i dag er han stolt av det han har fått til i Bodø.
— Eg har vore nære før, men då har eg sprokke. Denne gongen har eg klart å bruke presset på ein god måte, og halde meg fokusert. Eg er ekstremt glad for ha lykkast med det, seier Olve.
På den innleiande skytinga tysdag skaut han 49 av 50 på liggande. Den eine niaren irriterte han.
— Då vart eg rimeleg forbanna på meg sjølv, seier han.
49 på kne er han derimot nøgd med.
— Då var det mykje puls, og eg var veldig nervøs. At eg klarte å prestere så bra er eg ekstremt stolt av, seier han.
Til slutt sto han med 246 poeng av 250 mogelege, og han skyt på skive 13 på Kongelaget.
Kongelaget gjer opp om titlane på NRK1 frå klokka 19.45 onsdag kveld.
PS! Også pappa Arne Birkeland har kvalifisert seg til finale, i veteran for dei som er 55 år eller eldre.
Både far og son står også i finalane i feltskyting fredag.