Oljeplattforma Snorre B er stengd som eit føre-var-tiltak etter jordskjelvet som blei registrert i Nordsjøen tidleg måndag morgon.Foto: Harald Pettersen / Equinor / NTB
Oljeplattform stengd etter jordskjelvet
Oljeplattforma Snorre B er stengd som eit føre-var-tiltak etter skjelvet torsdag morgon.
Det opplyser Gisle Ledel Johannessen, pressetalsperson i Equinor, til NTB.
– Dei på plattforma merka skjelvet, men ingen er skadde, og dei blir ivarett. Tilbakemeldingane er at stemninga er roleg, og at det ikkje er panikk. Plattforma er stengd som eit føre-var-tiltak. Så langt har vi ikkje fått nokon meldingar om at installasjonar er skadde, verken på plattforma eller langs havbotnen.
Johannessen seier det vil bli sendt ut undervassfartøy for å undersøkje installasjonane på havbotnen.
Kraftigaste sidan 1989
Jordskjelvet hende klokka 6.32 norsk tid. Ifølgje Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk vart skjelvet målt til mellom 4.4 og 4.5 på magnitude-skalaen. NORSAR har målt jordskjelvet, som gjekk 160 kilometer vest for Førde, til 4.7.
– Det er ein del sprikande tal, og det kjem til å variere utover dagen. Det er vanleg. Det europeiske jordskjelvsenteret har registeret skjelvet til 5.1 på skalaen, seier administrerande direktør ved NORSAR, Anne Strømmen Lycke, til NTB.
Jordskjelvet er det kraftigaste som er registert sidan 1989, opplyser direktøren.
– Vi har ein seismologisk stasjon i Karasjok som har registrert skjelvet, så dette har gått langt, seier seismolog Bettina Goertz-Allmann i NORSAR til NTB.