nyhende
– Ofte mangel på blodgivarar i feriar
Blod er livreddande og no i sommarsesongen vil blodbankane gjerne ha fulle lager. Blodgivarar blir derfor oppfordra til å donere før dei reiser på ferie.
Annankvar nordmann vil i løpet av livet ha behov for blod eller blodprodukt, men berre to prosent av befolkninga donerer.
– Noreg ligg langt nede i europeisk samanheng med omsyn til talet på blodgivarar i forhold til befolkninga. Vi har i dag i underkant av 100.000 givarar og vi treng 30.000 fleire, seier beredskapsrådgjevar i Røde Kors Blodgivarprogram, Camilla Rodø til Nynorsk pressekontor.
Evigvarande oppgåve
Blod er i mange tilfelle heilt nødvendig for å kunne redde liv. I motsetnad til legemiddel, kan ikkje blod produserast, men er eit levande materiale som må donerast. Blod er ferskvare og har avgrensa haldbarheit, derfor er det konstant behov for nye forsyningar frå frivillige givarar.
Blodbankar over heile landet tek i mot blodgivarar. Dei fleste sjukehus har blodbankar, i tillegg finn du tappestasjonar fleire stader i landet. Men det er ikkje alltid like enkelt å rekruttere nye givarar.
– Behovet for blodprodukt er forventa å auke dei komande åra på grunn av aldrande befolkning og medisinske framsteg som krev medisin basert på blodprodukt. Kvart år sluttar mellom 15 og 20.000 blodgivarar av naturlege grunnar og desse må kvart år bli erstatta. Så det å verve nye givarar er ei evigvarande oppgåve, seier Rodø.
Kven kan bidra?
Donasjonsblod blir mellom anna brukt til blodoverføringar ved kreftbehandlingar, levertransplantasjonar og skadar og ulukker. I ei trafikkulukke kan det bli behov for opptil 50 donasjonar.
I utgangspunktet kan alle friske personar mellom 18 og 60 år gi blod. Men det er strenge krav ein må fylle for at det skal føregå på tryggast mogleg måte, både for den som gir og den som får blod.
For å gi blod må du mellom anna vere heilt frisk, ikkje gå på visse faste medisinar, og det blir stilt krav til vekt, blodtrykk og verdiar i blodet ditt. Du kan ikkje vere smitta av virus eller vere i risikogruppe for visse sjukdommar.
Har Noreg nok blod på lager?
Vi manglar 30.000 blodgivarar ifølgje Røde Kors og sommarferien nærmar seg. Kva har dette å seie for beredskapen til blodbankane?
– I feriar og ved høgtider opplever blodbankane ofte mangel på blod. Talet på planlagte operasjonar er vesentleg lågare på grunn av ferieavvikling, men for eksempel om sommaren er det gjerne fleire alvorlege ulukker samtidig som mange blodgivarar er på ferie, fortel Rodø.
Ho oppfordrar derfor alle friske og tappeklare til å donere blod før dei tek ferie.
Blodbanken ved Volda sjukehus på Møre opplyser at dei prøver å gjere seg klare til sommaren, men at han er lang.
– Det skal nok gå rundt og vi merkar ikkje noko problem med rekrutteringa her. Vi er heldige med at det er mange som melder seg til å gi, seier bioingeniør Helen Tjugen.
Ho fortel at ei av utfordringane dei ofte møter på, er at givarar har dratt på ferie om sommaren og så hamnar i reisekarantene før dei kan gi blod igjen.
Lågt lager på Stord
– Akkurat no er lageret litt lågt, fortel helsesekretær, Alli Thormodsæter, ved blodbanken på Stord sjukehus. Ho er likevel ikkje bekymra for sommarmånadene og fortel at uavhengig av sesong må lageret haldast oppe.
Avdelingssjef ved blodbanken på Haukeland sjukehus i Bergen, Einar Klæboe Kristoffersen, fortel at dei også har nokolunde kontroll på blodlagera sine for sommaren.
– Ei utfordring som ofte oppstår om sommaren er at givarane våre reiser vekk før sjukehuset «tek ferie». Altså at vi har tilgang på færre givarar ei lita stund før aktiviteten på sjukehuset går tilsvarande ned. Men vi har kontroll og det skal gå greitt i sommar.
900 nye har meldt seg
Blodbanken på Haukeland opplevde i vår låge lager på blod og sende SMS til blodgivarane sine. No må dei hanskast med ein overveldande respons frå ivrige nye givarar.
– Vi har god tilgang på givarar og har 900 nye som skal gjennom systemet i ønsket om å gi blod, så no har vi rett og slett ikkje kapasitet til å ta i mot fleire nye før ut på hausten.
Driftsleiar ved blodbanken på Førde sentralsjukehus, Irene Vange, melder om tilsvarande tilstandar der.
– Vi må passe på lageret heile tida, men så lenge vi har god tilgang på givarar er det ikkje noko problem å ha nok. No går det nesten ikkje ein dag utan at ein ny givar melder seg hos oss.
Ein eigen blodgivardag
Den 14. juni blir blodgivardagen markert internasjonalt. Beredskapsrådgjevar Camilla Rodø hos Røde Kors fortel at dagen skal fokusere på behovet for og viktigheita av frivillige bidrag. Fleire Røde Kors-kontor vil ha markeringar over heile landet i samarbeid med blodbankane.
– Dagen rettar merksemda mot alle dei flotte menneska som gir litt av tida si, og litt av blodet sitt. Blodgivarar bidreg til at alvorleg sjuke menneske får ein ny sjanse, kvar einaste dag. Slik frivillig og ubetalt innsats fortener anerkjenning og all den rosen vi kan gi, seier Rodø.