nyhende
Oddrun (48) sitt bilde frå Auklandshamn går viralt
Oddrun Rosenberg Jacobsen (48) har alltid sagt til barna sine at dei ikkje må vere så opptatt av «likes». No går eit bilde ho sjølv har publisert viralt over heile verda.
— Det er jo berre koseleg at det er så mange som likar den fine utsikta me har her i Auklandshamn, seier Oddrun Rosenberg Jacobsen til Vestavind.
«Så mange» er i denne samanheng nærmast ein underdriving. For måndag ettermiddag hadde smått utrulege 91.000 (!) personar frå heile verda trykt «liker» på bildet hennar. Tysdag morgon var talet oppe i 101.000.
Utsikt frå vindauge
Forklaringa bak den høgst uventa suksessen er ei Facebook-gruppe som heiter «View from my window», eller «Utsikt frå vindauge mitt», på norsk. Den skal ha blitt oppretta under den globale korona-pandemien, og har meir 3 millionar følgjarar verda over.
— Dette var ikkje ei gruppe eg var medlem i. Den dukka berre opp då eg sat på Facebook og scrolla ein dag. Eg såg mange fine bildar, mellom anna av palmar og sånt, som eg synes er fint å sjå på når eg sit her oppe i vind og regn, fortel ho.
Difor bestemte ho seg for å følgje gruppa. Så, ein dag sist veke, når det var lyst å fint i Auklandshamn, fann ho ut at ho ville dele si utsikt, og henta fram mobilen.
«Kva er det som skjer?!»
Motivet ho fanga syner vakkert morgonlys og ein liten fiskebåt som glir forbi i forgrunnen. I vinduskarmen står det blomar. Akkurat så idyllisk som nok berre Auklandshamn kan ta seg ut, i alle fall frå hennar vindauge.
Ho sendte inn bildet, som måtte godkjennast av administratorar på Facebook-gruppa. Så gjekk det ein dag og to utan at det vart publisert.
— Då trudde eg at eg kanskje hadde gjort noko feil, fortel ho.
Men så, plutseleg, byrja det tikke inn varsel om aktivitet på Facebook. Og det i eit tempo så høgt at ho knapt klarte å følgje med. På berre to timar hadde bildet fått 11.000 «likes».
— Då tenke eg, «kva er det som skjer?!», fortel ho.
Får ikkje svara alle
Måndag ettermiddag passert talet på «liker» 91.000. I tillegg har meir enn 3.000 personar kommentert bildet.
— Det er mellom anna mange amerikanarar, som skriv at dei har røter i Noreg, fortel ho.
Dei første 150 kommentarane prøvde ho å svare tilbake på, for å vere hyggeleg. Men etter kvart innsåg ho at det i praksis ikkje ville vere mogeleg å svare alle.
48-åringen, som jobbar som nattevakt på Udland omsorgssenter i Haugesund, og litt deltid på Bibelbutikken i Haugesund, synes det er kjekt at utsikt frå akkurat hennar heimbygd spreier glede over heile verda.
Samtidig kan ho ikkje anna enn å le litt av eg seg sjølv også.
— Eg har jo alltidt sagt til mine barn at dei ikkje må vere så opptatt av «likes» i sosiale media. Og no er det altså mora som kjem seier «sjå kor mange likes eg har fått!», ler ho.