nyhende

O jul med din kreditt

Trass i rentehevingar og dyrtid skal nordmenn handle for 133 milliardar kroner i jula. Handlinga har likevel flata ut frå pandemitoppen, sjølv om trendar frå USA gjer sitt for å auke shoppinglysta.

Publisert Sist oppdatert

I 2004 spådde Statistisk sentralbyrå at detaljhandelsbutikkane i Noreg skulle omsetje for 35,6 milliardar kroner den jula. Det vil seie 7.786 kroner per person.

Fram til 2019 har dette auka til 8.355 kroner per innbyggjar i desember, totalt 57 milliardar kroner i omsetnad. Det er i grunnen ein beskjeden auke på 15 år, men i denne perioden har amerikanske fenomen fått fotfeste i Noreg. Det har ført til at fleire nordmenn handlar i november.

Amerikansk påverknad

Handelsfenomen, som halloween, har eksistert lenge, men det er først dei siste 15 åra dei har fått feste her til lands. Ikkje minst gjeld det Black Friday, som på nokre år har blitt ein stor hending i november.

– Dette er noko varehandelen har funne på. Black Friday har sitt opphav i den amerikanske feiringa «thanksgiving» i november. Då samlar amerikanarar slekta til feiring, og det er ein ekstra fridag på fredagen, som har blitt brukt til å handle. Vi har ikkje fridag eller thanksgiving, så det er blitt eit fenomen drive av tilbod – ikkje etterspurnad, seier Arne Dulsrud, forbrukssosiolog ved Oslomet.

Dulsrud nemner òg valentinardagen, farsdag og morsdag som andre amerikanske tradisjonar som har kome til Noreg.

Pandemien skapte handelstopp

I 2020 julehandla nordmenn for 124 milliardar kroner. 57 milliardar kroner i november og 63 milliardar kroner i desember. I snitt skulle nordmenn bruke 11.760 kroner kvar, ifølgje Virke, som er ein norsk hovudsamanslutning for handels- og tenestenæringa.

Spesielt var det netthandel som auka salet.

No anslår Virke at vi i år vil bruke i alt 64,2 milliardar kroner i november og 69 milliardar kroner i desember i norske butikkar og nettbutikkar. Det er rundt 12.500 kroner kvar.

– Det er ingen reell auke. Prisauken er på om lag fire prosent, så tek ein det med i betrakting, har julehandelen flata ut sidan 2020. No ligg anslaga for 2023 på tre prosent auke frå i fjor. Dette blir kalla nominell faktor: Det har vore ein auke som kjem av inflasjon, seier Dulsrud.

Nordmenn kuttar i gåver og reiser i jula

I ei Virke-undersøking frå november svarar 57 prosent at dei har dårlegare råd i år enn i fjor, men det er ikkje like mange som skal kutte i julebudsjettet. 44 prosent skal bruke mindre pengar på jula i år enn i 2022.

55 prosent skal bruke like mykje på mat og drikke som i fjor. På andre område skal nordmenn bruke mindre. 41 prosent vil bruke mindre på gåver, 38 prosent mindre på opplevingar, og 42 prosent mindre på reiser.

Frå hausten 2021 til 2023 har styringsrenta blitt heva frå 0 prosent til 4,25.

– Rentepolitikken til regjeringa har gått ut på å stoppe inflasjonen. At dette gjer at julehandelen flatar ut er ikkje overraskande. Det mange derimot er overraska over er at denne utflatinga har teke så lang tid, seier Dulsrud.

Med riktige lys har julelysa lite å seie for straumrekninga

Fleire har funne fram julelys i vintermørket.

Desember er mørke- og kuldetid. Det gjer det freistande å lyse og varme opp heimen til advent og jul. Men dei siste to åra med høge straumprisar har nordmenn blitt medvitne på straumbruken sin og straumprisen. Med inflasjon og renteheving ønskjer òg fleire å spare der dei kan. Det hyggelege då, er at du kan lyse opp så mykje med julelys du berre ønskjer, for det har lite å seie for sluttsummen på straumrekninga – så lenge du har riktige lys.

Julelys av typen LED utgjer berre nokre få kroner med forbruk i månaden. Dei trekker nesten ikkje straum, sjølv når dei står på døgnet rundt i heile desember. Tradisjonelle adventsstakar trekkjer meir straum, og vil koste meir. Fjordkraft reknar blant anna med at ei julelyslenke av LED med 240 små lys brukar åtte kroner i straum, sjølv når dei står på ein heil månad.

Nøyaktig kor mykje kostnaden blir, avheng av straumprisane. Meir enn halvparten av straumen i norske bustadar blir brukt på oppvarming. Å senke temperaturen nokre grader og ta kortare dusjar, er tiltak som sparer meir på straumen enn å kutte ut julelysa, skriv NRK.

Branntryggleik

Likevel er det viktig med branntryggleik i jula. Det er derfor ikkje berre av økonomiske grunnar du bør oppdatere julebelysninga med LED-pærer.

Eldre belysning kan vere av varierande kvalitet, og kan føre til auka brannrisiko. Gamle pærer gir òg frå seg høgare varme og kan føre til at brennbart materiale i nærleiken tek fyr.

I LED-pærer går 80 prosent av energien til lys. Berre 20 prosent går til varme, noko som er med på å redusere risikoen for varmeutvikling, skriv Brannvernforeininga.

Powered by Labrador CMS