nyhende
Nyttårstalen skal byggje fellesskap
Når vi nordmenn benkar oss i sofaen i nyttårshelga for å høyre talane til høvesvis kong Harald og statsminister Jonas Gahr Støre er det med visse forventingar om kva vi kan forvente.
– Nyttårstalane skal skape ei form for fellesskap. Dei skal fortelje oss kva det vil seie å vere norsk, og tydeleggjere verdiane som ligg i det. Innhaldsmessig kan det vere litt variasjon, men funksjonelt er det lite utvikling over tid, seier retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen til Nynorsk pressekontor.
Norsk modell
Det er vanleg med nyttårstalar i mange land, men oppbygginga av dei varierer. Elmelund Kjeldsen, som sjølv er av dansk opphav, fortel at vi ikkje treng å reise lenger enn til nabolandet vårt i sør før vi finn tydelege forskjellar.
– Kongen i Noreg er langt meir oppteken av å inkludere alle som bur i landet i talane sine. Tidlegare dronning Margrethe av Danmark hadde ei anna form. Ho snakka mykje om kvar folk hadde røtene sine – ho skapte eit tydelegare skilje mellom danskar og innvandrarar, fortel han.
Også statsministeren hos våre danske vener nyttar ein annan retorikk enn den norske kollegaen hans.
– Dei danske talane er mykje meir prega av kven som sit med makta. Det kjem tydelege politiske bodskapar der. Det gjer det sjeldan i dei norske, seier Elmelund Kjeldsen.
– Allmenne, generelle verdiar, som inkluderer breitt, er ein viktig komponent i dei norske talane, legg han til.
Folkeleg form
Over tid har talen til både kongen og statsministeren blitt meir folkelege i forma.
– Det som har endra seg er balansen mellom nærleik og distanse. Måten ein framfører på og orda ein brukar har blitt meir vanlege, naturlege og autentiske. Dei har blitt meir allmenne.
Han trekkjer fram statsminister Jonas Gahr Støres tale frå 2022 som eit eksempel på korleis framføringa har endra seg.
– Støre heldt nyttårstalen sitjande i sofaen. Det gir eit inntrykk av at vi er heime hos ein hyggeleg person – som set seg ned i augehøgde for å komme nærare dei han snakkar til. Før i tida sat ein ned bak eit bord – ei form som er temmeleg formell og skapar distanse.
Retorikkprofessoren trekkjer òg fram ein av talane til Gahr Støres forgjengar Erna Solberg.
– I 2020 stod ho framfor peisen – då såg vi litt av den allmenngjeringa som Støre vidareførte. Det verka framleis litt stivt, men dei hadde i alle fall fjerna bordet. Vi kom tettare på statsministeren.
Trass i at statsministertalen har fått eit meir folkeleg preg, har kongen på eit vis gått omvendt veg.
– Tidlegare stod han oppreist, men det skapte eit problem med talekorta. Han heldt dei i brysthøgde eller lågare, og måtte sjå ned på korta heile tida. Då mista han noko av den nødvendige nærleiken til sjåaren. Det dei har begynt med no er at han sit ved eit bord og har eit skråplan der han har korta. Det er ein meir formell setting, men skapar likevel meir nærleik – sidan han kan sjå meir i kamera.
Historia som forma oss
Margrethe av Danmark nytta òg nyttårstalen sin i 2023 til å komme med ei stor nyheit. Nemleg at ho ville abdisere og overlate trona til sonen. Ifølgje retorikkprofessor Elmelund Kjeldsen er det heilt uvanleg at nyttårstalar blir nytta til å komme med slike kunngjeringar.
– Det er absolutt ikkje vanleg at ein gir nokon nyheiter i nyttårstalane i det heile, seier han.
Nyttårstalane er heller ikkje meint til å peike ut ein kurs for tida framover.
– Det handlar om det vi som folk deler her og no. Nyttårstalane handlar om kvar vi er no – så ser vi oss tilbake. Gjerne med bruer tilbake til både fjern og nær fortid. Ein kan trekkje linjer tilbake til krigen eller heilt tilbake til vikingtida – store historiske hendingar som kan hjelpe oss å forstå kven vi er og korleis vi kom hit, forklarer Elmelund Kjeldsen.
Talen tilhøyrer talaren
Når det gjeld sjølve innhaldet – er det kanskje ikkje alle som veit at både kongen og statsministeren får god hjelp på vegen mot ferdig produkt. Taleskrivarane er svært viktige i prosessen.
– Eg har snakka både med taleskrivarane til statsministeren og dei kongelege. Dei er svært dyktige i jobbane sine, og ville aldri fortalt om kva som faktisk skjer når talane blir laga. Dei har stor respekt for arbeidsgivaren sin, fortel professor Elmelund Kjeldsen.
Men uansett kor mange taleskrivarar ein har eller kven som skriv, så er det til sjuande og sist berre ein avsendar.
– Talen tilhøyrer talaren. Det er han som bestemmer om noko skal aksepterast eller ikkje. Og det er han som held talen – han må stå til ansvar for eventuelle faktafeil og haustar òg rosen dersom noko blir svært godt motteke ute blant folk. Taleskrivaren kan aldri bli bebreida.
Sjølv om ikkje Elmelund Kjeldsen kan peike konkret på korleis nyttårstalane blir forma ut, veit han litt om korleis talar generelt blir til.
– Det som vanlegvis skjer er at talaren snakkar om kva dei har lyst å ha med i talen. Det kan vere at talaren lagar eit tidleg utkast, eller det kan vere at dei set seg ned med taleskrivarane og snakkar om idear – så presenterer dei eit utkast basert på dette. Så går det gjerne litt fram tilbake mellom talar og taleskrivar.
Kva kan vi vente oss i år?
Elmelund Kjeldsen meiner det er vanskeleg å fastslå kva konkrete tema nyttårstalane i år vil innehalde, men ein ting føler han seg sikker på:
– Kongen kjem til å byrje talen med ei generell betraktning av kva som gjer oss til menneske og eit fellesskap. Statsministeren på si side kjem til å byrje med eit konkret eksempel på noko som har skjedd i år.
Om kong Harald kjem til å adressere uroa i kongehuset er han ikkje sikker på.
– Han snakka om det i fjor, så eg er usikker på om det vil bli tema i år òg – sjølv om det har skjedd meir. I fjor hadde han nok ei kjensle av at folk tenkte at dette var noko han måtte adressere. Sjølv om det handla om familien hans greidde han å allmenngjere det. Og det blei eit ledd i hovudtalen som då også tok sikte på å binde oss saman som folk, avsluttar retorikkprofessoren.