nyhende
Nytt frå Sveiokyrkja:
Nyttar streaming og fleire korte gudstenester etter kvarandre
Berre ti kan møta på gudstenester for tida. Sveiokyrkja tenkjer nytt, og skal mellom anna ha fleire korte nattverdsgudstenester etter kvarandre, som alle som vil kan få ta del i – ved å melda seg på. Kunstutstilling i Valestrand kulturkyrkje er også planlagt for sommaren.
– Som ein del av dei nasjonale smittevernreglane har ein kun høve til å ha ti personar på gudstenester for tida, men me har moglegheit til å avhalda barne- og ungdomsarrangement. Då må me tenka nytt, skriv Arild Steinsland i ei melding til Vestavind, der planar for den neste tida blir presentert.
Gudstenester i Sveio
Søndag 14. februar blir det det to gudstenestefeirande stader i Sveio, ein i Sveio kyrkje og ein eller fleire gudstenester i Førde kyrkje.
I Sveio kyrkje vert det «Lys Vaken» for 6. klassingane i soknet, og på søndagen lagar dei ei gudsteneste som ikkje er open for deltakarar, men den vert streama på Facebook-sida «Sveiokyrkja».
I Førde blir det gudstenester med fysisk oppmøte med ti deltakarar på kvar. Biskopen har laga ei kort nattverdsgudsteneste som varer omkring 25 minuttar. Det blir påmelding til denne gudstenesta ved telefon til kyrkjekontoret, eller direkte til sokneprest Arild Steinsland frå fredag 12. februar.
– Dei 10 første som melder seg får vere med på den første gudstenesta, dei 10 neste som melder seg får vere med på gudstenesta like etter. Og så held me så mange gudstenester som det er bruk for. Alle som ønsker får vera med på ein av gudstenestene, står det i meldinga.
Valestrand kulturkyrkje
For første gong på 15 år kjem det ikkje ut hefte om kulturkyrkjeaktivitetane til alle postkassane i Sveio. Det er rett og slett for usikkert om arrangement let seg gjennomføra. Det er likevel arrangement under planlegging, og ein håper å gjennomføra desse.
Det første arrangementet som er på trappene er «Vårstemningar» med trioen Åge Kvalbein på cello, Marita Kjetland Rabben på piano og Maren Myrvold, sopran. Dei er på veg til Kulturkyrkja for å ha konsert torsdag 25. februar.
Til sommaren køyrer ein «Open kyrkje» med kunstutstilling av gullsmed Reidun Breistig. Tema for utstillinga er «Arv» og ho vil lage nye arbeid til denne utstillinga. Opningsarrangement blir tysdag 6. juli med møte med kunstnaren og kulturinnslag.
Deretter er kyrkja bemanna tysdagar, onsdagar og torsdagar i tidsrommet 7. juli til 29. juli. I år er opningstida lagt til ettermiddagar. «Open kyrkje» blir bemanna av Kvinne- og familielaget, Helselaget, Soknerådet og styret i Kulturkyrkja.