nyhende

SoknehusetVaksinasjondrop inkoronavaksinekoronavaksine
Kort tid etter opninga stod køen ut av lokalet.

Nyttar seg av tilbodet

Sveio kommune har drop-inn koronavaksinasjon på Soknehuset torsdag 26. oktober. Kort tid etter opning var det mykje kø.

Publisert Sist oppdatert

Ei vurdering av regjeringa har leia til at Sveio kommune tilbyr ein ny runde med vaksinasjon mot korona, torsdag 26. oktober. Tilbodet gjeld utvalde grupper, særleg dei 65 år eller eldre, og yngre med alvorleg grunnsjukdom.

Staden ein kan få ein såkalla «oppfriskingsdose› av vaksinen er Soknehuset, og det er opent frå klokka 10.00 til 15.00. Allereie kort tid etter opning hadde mange kome, og cirka 10.30 var det kø ut av lokalet.

Vaksinen det er tilbod om er av typen Comirnaty Omicron XBB.1.5, og er ein oppdatert versjon. Det er Pfizer og BioNTech som har laga vaksinen.

Her er gruppene som kan få oppfriskingsdose:
Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar

Aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe

Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom

Aldersgruppa 5–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering av lege (kontakt vaksinekoordinator ved behov for vaksine)

Gravide i 2. og 3 trimester

Powered by Labrador CMS