nyhende
Nytt turhefte for Sveio
Lyst på tur i eigen kommune? Nytt hefte gir deg forslaga.
Ein treng ikkje vera lokalkjent for å gå tur i Sveio. I sommar blei eit hefte med turforslag lansert. Det er Haugesund Turistforening, i samarbeid med Sveio kommune, som står bak utgivnaden av turheftet. Heftet har blitt distribuert til alle husstandar i kommunen.
Under den beskrivande tittelen «På tur i Sveio» blir 21 turar i Sveio forklart. Kvar tur er teikna inn på kart, og det er teke med informasjon om historie, sagn og kulturminne i samband med turområda. Alle turane er gjennomgått og kvalitetssikra.
Varierte turar
Turforslaga er varierte og har med både korte turar og nokre lengre, litt meir krevjande. For kvar tur er det angitt ei omtrent gangtid. Blant turane finn me til dømes Børshovda, Dreng, Digranesvarden og Krokane, Hopsfjellet, Slettafjellet, Målefjell, Slettene friluftsområde og Trodlavassnipen.
Redaksjonen har bestått av Torfinn Dommersnes, Lars Kristian Gjerde, Anne Rees Halvorsen og Per Qvale. Elisabeth Hauge Bakke frå Sveio Turlag har også vore aktivt med og bidratt i redaksjonen. I tillegg til fleire gode hjelparar.
«På tur»-serie
Dette er den tredje utgåva i Haugesund Turistforening sin «På tur»-serie. Dei to første er På tur Tysvær og Bokn (2017) og På tur Haugesund (2018). Har du ikkje fått tak i heftet eller ønskjer fleire eksemplar, er det mogleg å kjøpa heftet hos Haugesund Turistforening på Bytunet i Haugesund sentrum.
Denne våren har svært mange brukt nærmiljøet sitt flittig til å gå tur, og med Noregsferie på dei fleste er behovet for idear til nye turer til stades. I det nye turheftet til Haugesund Turistforening, laga i samarbeid med Sveio kommune, finn du korte og lengre turar som ganske sikkert vil inspirera til å dra ut for å utforska kva Sveio har å by på.