nyhende

Nytt trafostasjon på plass etter planen

Den nye nettstasjonen til Haugaland Kraft sitt nettselskap Fagne blei heist på plass i delar og montert i Sveio sentrum torsdag.

Publisert Sist oppdatert

Stasjonen er plassert like ved Vestavindhuset og ved sida av ein tilsvarande stasjon som no skal få avløysing. Reint bygningsmessig ruvar den nye stasjonen meir, med mønetak og skikkeleg inngangsdør.

Reint teknisk vil også den nye stasjonen få litt større kapasitet, har kommunikasjonsansvarleg i Haugaland Kraft, Gunn Margareth Lassesen, tidlegare uttalt til Vestavind.

Siste prosjekt

Odd Sigve Barane har leia arbeidet på staden for Fagne, og stadfesta ved 14.30-tida torsdag at alt var på plass med unntak av ei lågspenttavle som dei enno ventar på frå eitt av dei baltiske landa.

For Barane representerer elles prosjektet i Sveio sentrum ein finale i arbeidslivet.

– Eg blir pensjonist om to veker, seier han til Vestavind.

Mykje arbeid igjen

Sjølv om stasjonen no er på plass, står enno mykje arbeid igjen med tilkopling av den nye, fråkobling og fjerning av den gamle og tilbakeføring av parkområdet rundt stasjonen til opphavleg tilstand.

Først i første halvdel av april reknar Fagne med å vera ferdig med alt arbeid rundt den nye stasjonen.

Powered by Labrador CMS