nyhende

Blå valmuesøster i frøstand.FOTO: PRIVAT
Blå valmuesøster i frøstand.

Nytt tilbod på biblioteket – men dei treng fleire frø

Sveio folkebibliotek har gått i samarbeid med Sveio hagelag om å få i gang frøbibliotek.

Publisert Sist oppdatert

Dette går kort forklart ut på at folk kan låna frø om våren og gi tilbake frø om hausten av planter ein har i eigen hage.

Slike frøposer kan ein få på biblioteket.

— I år er oppstartåret og for å få det heile i gang håpar ein at mange leverer inn. Plukk frøkapslar av blomar eller grønnsaker du har i hagen. Det er lurt å hausta rett før frøkapslane opnar seg. La dei gjerne ligga i ein boks ei stund slik at frøkapslane tørkar og slepp frøa, oppluser Annlaug Fludal i Sveio hagelag.

Annbjørg Fludal i Sveio hagelag.

Frø må leverast inn i passe porsjonar for utlevering til våren. Du kan bruka eigen emballasje. Kaffe-filter er godt eigna. Biblioteket har frøposar for utdeling. Så skriv ein på posten kva plante frøet er frå, og kva type plante det er – til dømes om det er ein staude, sommarblom eller grønsak.

Frøbibliotek har blitt starta opp mange stader og tilbodet har blitt populært rundt om.

— Dette er ein måte å dela planter som gir mindre risiko for å dela til dømes brunsnegl og problemugras. Ein ønsker ikkje å få inn frø av risikoartar som til dømes kjempespringfrø eller tromsøpalme, understrekar ho.

Blå valmuesøster i frøstand.
Powered by Labrador CMS