nyhende

Valkomiteen har innstilt Per Bjørn Habbestad som styreleiar for Moster 2024 AS.
Dugnadskveld i Gjenbruksløa i Førde

Nytt styreverv for Habbestad

I 2024 er det 1000 år sidan kristendommen vart innført i Noreg. Per Bjørn Habbestad er foreslått som styreleiar for selskapet Moster 2024 som har ansvaret for riksjubileet.

Publisert Sist oppdatert

Innføringa av kristendommen skjedde på Moster i 1024, og det er Moster 2024 AS som har ansvaret for planlegging og gjennomføring av det nasjonale jubileet. Selskapet er oppretta av Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune, og har kontorstad på Moster.

Generalforsamlinga blir halden i august, og ein av sakene er val av styreleiar. Her har valkomiteen innstilt Per Bjørn Habbestad. Når vervet blir offisielt etter valet, er Habbestad oppe i tosifra styreleiarverv. I tillegg har han ein rekkje andre verv.

Er i gang med arbeidet

Moster 2024 er allereie i gang med arbeidet. Nyleg lanserte dei nettsida si, og det blir aktivitetar alt frå hausten av.

– Jubileet skal famna heile Noreg, og har barn og unge som hovudmålgruppe. Arbeidet skal ha særleg fokus på verdigrunnlaget Noreg er bygd på i dag, og me ønskjer å skapa refleksjon og debatt kring det, seier dagleg leiar Elsa Aanensen i ei pressemelding.

I arbeidet framover håper det nystarta selskap på gode innespel frå publikum.

– Jubileumsselskapet legg vekt på stor grad av medverknad i prosessen fram mot 2024, og ønskjer innspel til jubileumsaktivitetar, seier Aanensen.

Powered by Labrador CMS