nyhende

Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Nytt oljefunn i Nordsjøen

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Equinor har gjort nye funn av olje- og gass nær Troll- og Fram-området i Nordsjøen. Det er det sjette funnet i same område sidan 2019.

Førebelse berekningar av storleiken på funnet er mellom 4 og 8 millionar standard kubikkmeter utvinnberre oljeekvivalentar eller 25 til 50 millionar fat utvinnberre oljeekvivalentar. opplyser Equinor.

– Det er svært gledeleg med endå eit funn som vi reknar som kommersielt i dette området. Til liks med dei andre funna i området, vil vi vurdere å knyte dette til Troll B- eller C-plattforma. seier direktør Lill H. Brusdal i Equinor.

Equinor eig 51 prosent av leitelisensen, medan DNO eig 29 prosent og Idemitsu og Longboat Energy 10 prosent kvar.

Funnet har førebels fått namnet Kveikje.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS