nyhende

Nytt klokkemerke med motiv av Ryvarden

Det norske klokkemerket Bølgene har sitt opphav frå Haugesund. I midten av januar lanserte dei si første fyr-klokke, med motiv frå Sveio.

Publisert Sist oppdatert
– Responsen rundt «Ryvarden Fyr», Bølgene sin første kolleksjon, har vore overveldande, me har langt fleire førehandsbestillingar enn me hadde rekna med, fortel Daniel Karlsen.
Grunnen til det trur han er kombinasjonen mellom lokal merkevare, lokal tilnærming, og at verksemda deira donerer ein del av overskotet til veldedige organisasjonar som ivaretar maritime miljø. Karlsen trekkjer også fram designet der «Ryvarden fyr» klokka kan ha forskjellige reimer, tilpassa både kvardag og fest.

Lokalt forankra

Ifølgje Karlsen skjer salet i hovudsak gjennom nettbutikk, men visjonen er å selja produkta hos lokale aktørar slik at det skal gagna lokalmiljø og lokalhandel på dei respektive plassane der klokke kolleksjonane blir lansert.

– Kva fyrmotiv står for tur neste gong?

– Førebels kan me ikkje gå ut med dette, då me er i fleire spennande samarbeid med aktørar langs norskekysten. Men me kan sei så mykje at neste kolleksjon blir svært bra for oss, folket og havet, røper klokkedesignaren.

Bølgene si første klokke har motiv frå Ryvarden.
Powered by Labrador CMS