nyhende
Nytt helsesenter til 111,5 millionar
Formannskapet samlar seg om helsesenter i Sveio sentrum med prislapp på 111,5 millionar kroner, men krev grundig vidare arbeid før endeleg vedtak ventar i april.
Rådmannen sitt forslag gjekk ut på at kommunestyret godkjenner bygginga av eit nytt helsesenter med ei økonomisk ramme på 111,5 millionar kroner. Av dette er 89,2 millionar kroner lån, medan 22,3 millionar kroner er meirverdiavgift som kommunen reknar med å få kompensert tilbake.
Samla støtte – no byrjar arbeidet
Då saka var oppe i formannskapet måndag, stemte samtlege representantar for forslaget. Samstundes gjorde dei det klart at saka er så viktig at ho krev eit grundig arbeid vidare, både mellom politikarane og i dialog med kommuneadministrasjonen, før kommunestyret tek endeleg stilling 13. april.
– Eg blei litt sjokkert då eg såg kva rammer det blir lagt opp til. Dette er kanskje det viktigaste vedtaket me kjem til å gjera i denne perioden, sa KrF-representanten Jarle Jacobsen under behandlinga.
Han var ein av fleire representantar som tok til orde for eit godt tverrpolitisk samarbeid fram mot kommunestyremøtet.
Det nye helsesenteret er planlagt i Sveio sentrum og skal samla legekontor, daglegevakt, helsestasjon, barn- og familietenester og tannklinikk i same bygg.
Leigeinntekter kan letta børa
Multiconsult har laga eit førebels kostnadsoverslag for prosjektet. Der er sjølve byggjekostnaden anslått til rundt 74 millionar kroner. Totalsummen er likevel sett til 111,5 millionar kroner, fordi kommunen også har rekna inn meirverdiavgift, prisvekst, utstyr, prosjektkostnader og ein buffer for uventa utgifter.
Vestland fylkeskommune har inngått ein intensjonsavtale om å leiga areal til tannklinikk i det nye bygget i 20 år. Kommunen anslår at leigeinntektene over 30 år kan dekka rundt 35 prosent av dei samla kostnadane.
Kan stå klart i 2028
Kommunen tek sikte på å lysa ut prosjektet som ein totalentreprise i løpet av våren, med tilbodfrist etter sommaren. Ifølgje sakspapira kan byggjestarten koma tidleg i 2027, og dersom framdrifta held, kan helsesenteret stå klart i 2028.