nyhende

Kultur

Sju bandmedlemmer står smilande på golvet framfor alterpartiet i ei kyrkje.
Medlemmane i Filoxenia førebur seg til debutkonsert i Valestrand kyrkje torsdag. Frå venstre: Willy Ludvigsen, Billy Roy Økland, Leif Helge Langåker, David Tolås, Svein Helge Ellefsen og Jarle Jacobsen. Ikkje til stades: Tor Magnar Sjo.

Nytt gospelband klart for kyrkjescena

Torsdag går Filoxenia på scena i Valestrand kyrkje med personlege versjonar av kjende gospel­songar og salmar, der målet er spreie meir musikkglede.

Publisert Sist oppdatert

– Det var eigentleg då me plutseleg var sju stykk som spela i lag, at me skjønte at dette begynte å svinga, fortel bassist og initiativtakar Jarle Jacobsen.

Bandet har ikkje kome til over natta. Tankane om å starta noko saman vaks fram etter ei lovsongssamling for om lag eit par år sidan der Jacobsen møtte sin tidlegare studiekamerat Leif Helge Langåker. Der byrja praten å gå, og etter kvart tok ideen meir form.

Eit dytt som fekk hjula til å rulle

Jacobsen fortel at han i denne fasen også snakka med Arne Valen, som då sat i kommunestyret, og at oppmodinga derfrå gjorde inntrykk.

– Han var tydeleg på at me måtte byrja og spela igjen, seier Jacobsen.

Sjølv om lysta var der, tok det tid før prosjektet fekk fart. Etter sommaren 2025 kom fleire med, og då dei vart sju i bandet, fall mykje på plass musikalsk.

Vil setje sitt eige preg

Med konserten i Valestrand kyrkje rett rundt hjørnet, innrømmer Jacobsen at dei framleis er ferske som band, og at dei ikkje har hatt all verda med øvingar enno.

– Dei som forventar ein heilt perfekt konsert utan feilskjer, blir nok skuffa, seier Jacobsen.

Bandet spelar gospel og salmar, og vil gjera kjende songar på sin eigen måte. Målet er at publikum skal kjenna att songane, men samstundes høyra tolkingar med Filoxenia sitt særpreg. På repertoaret står mellom anna låta «Swing Low, Sweet Chariot» i svingtakt, i tillegg til fleire andre songar på både norsk og engelsk som mange vil ha høyrt før, fortel Jacobsem.

Medlemmane i Filoxenia har spelt i ulike samanhengar tidlegare, og felles for dei er at dei kjem frå ulike kyrkje- og menigheitsmiljø. Nesten alle bidreg også med vokal og eit intstrument, medan Jacobsen først og fremst held seg til gitar og bass.

Kva som skjer vidare, får dei sjå etter torsdag. Men ambisjonen for debutkvelden er tydeleg:

– Målet er at me skal ha det gøy og spreia musikkglede, og at dei som kjem får ei god oppleving, anten det kjem 30 eller 150, seier Jacobsen.

Powered by Labrador CMS