nyhende

Slik såg delar av det nye bustadfeltet ut i mars 2025. No har det fått det endelege vegnamnet på plass.

Nytt gatenamn i Sveio

Måndag gjekk formannskapet inn for at det nye bustadfeltet på Østre Vikse skal få vegnamnet Viksefjorden.

Publisert

Namneforslaget kjem av at bustadfeltet, som skal gje plass til 20 bueiningar, ligg ved Viksefjorden med utsyn over fjorden. Den nye vegen går frå Gullvegen, nær Vikse skule, og vidare inn i det nye bustadfeltet.

Saka treng ikkje behandlast av kommunestyret, ettersom formannskapet har mynde til å vedta nye gatenamn i Sveio.

Powered by Labrador CMS