NPK-NTB/VESTAVIND: Ifølgje tal som VG får frå Folkehelseinstituttet vart tre nye personar med folkeregistrert adresse i Sveio registrert som smitta torsdag.
Dette er tala for Sveio og nabokommunane siste døgn:
Sveio: 3
Haugesund: 37
Karmøy: 25
Tysvær: 2
Vindafjord: 3
Stord: 17
Bømlo: 3
8 koronapasientar var innlagde i Helse Fonna-området torsdag.
4.520 nye smitta i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 4.520 koronasmitta personar i Noreg. Det er 835 færre enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.805 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.229, så trenden er stigande, sjølv om dei registrerte smittetala no har falle to dagar på rad.
Torsdag var 371 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fire færre enn dagen før.
118 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 63 på respirator. Det er fire færre på intensiv og éin færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.