nyhende
Nytt døgn med smitta sveibuar
Seks nye personar med folkeregistrert adresse i Sveio vart registrert koronasmitta onsdag.
NPK/NTB/VESTAVIND: Smittetrykket er framleis høgt på Haugalandet.
Ifølgje tal som VG får frå Folkehelseinstituttet er seks personar som er folkeregistrert i Sveio registert smitta onsdag. Det er tre fleire enn dagen før.
Sidan pandemien sin start er 245 sveibuar smitta.
Dette er tala for Sveio sine nabokommunar siste døgn:
Haugesund: 19
Karmøy: 42
Tysvær: 2
Vindafjord: 1
Stord: 27
Bømlo: 7
Ni korona-pasientar er innlagde på sjukehus i Helse Fonna-området.
Nesten 6.000 nye smitta i Noreg
Det siste døgnet er det registrert 5.741 koronasmitta personar i Noreg. Det er 482 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.925 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 4.055, så trenden er stigande.
Onsdag var 375 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var tolv fleire enn dagen før. 122 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 64 på respirator. Det er fire fleire på intensiv og éin fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.