nyhende

Lene Lier er rektor ved Sveio skule.ARKIVFOTO
Lene Lier er rektor ved Sveio skule.ARKIVFOTO

Nytilsett rektor blir inspirert av kjekke elevar

Etter vel fem år som undervisningsinspektør på ungdomstrinnet, søkte Lene Lier og fekk jobben som rektor ved Sveio skule.

Publisert Sist oppdatert

– Grunnen til at eg søkte på stillinga var at eg trivst veldig godt på Sveio skule, seier Lene Lier. Ho håpar å gjera ein god jobb som rektor.

– Kva inspirerer og oppmuntrar deg i skulekvardagen?

– Eg blir inspirert og oppmuntra av dei kjekke elevane, dyktige tilsette og gode kollegaer. Det er spesielt kjekt å følgja med på elevane, som heile tida er i utvikling, seier Lier.

Sveio skule har gått frå gamalt, trongt og slitt, til nytt, romsleg og moderne. Det er ein svært nøgd rektor som skryt over skuleanlegget, og ho gler seg til også uteområdet blir ferdig.

Viktig med trygge elevar

– Har du nokre kampsaker for skulen?

– Eg har ingen spesielle kampsaker, men ønskjer at Sveio skule skal vera ein god skule for alle elevane både sosialt og fagleg. Det er veldig viktig at elevane er trygge og har det bra på skulen. For å sikra det må me ta vare på det som er bra samstundes som me må sjå framover og tenkja på kva me kan bli betre på, fastslår Lier.

Klassemiljøet i fokus

– Korleis vurderer du klassemiljøet på skulen? 

– Me har mange klassar og det vil vera forskjellar frå klasse til klasse. Me arbeidar systematisk med kartlegging av klassemiljø og set inn tiltak der det er utfordringar. Resultata på eksamen på 10. trinn dei siste åra viser at elevane frå Sveio gjer det bra og me har lite fråfall på vidaregåande skule. Dette er ein god indikator på at Sveio-skulen er ein god skule, fastslår Lene Lier.

Powered by Labrador CMS